I helga går Kingsland Oslo Horse Show av stabelen i Telenor Arena. Under fjorårets show deltok fjordhesten i ei fartsfylt sprangkonkurranse med internasjonale toppryttarar, noko som imponerte heile Heste-Noreg. Også i år vert fjordhesten å sjå under KOHS – i programnummeret som vert kalla «The Challenge». Denne gongen vert lærarar og elevar utfordra til ein knallhard duell mot kvarandre. Kven er best – eleven eller læremeisteren? Fire fjordhestar deltek i årets «The Challenge», og på våre nettsider vil du denne veka få presentert alle saman.

Årheims Gullen

    Vallak fødd 2002
    e. Rånn u. Århild ue. Fløtren
    Oppdrettar: Bjørn Fløtre
    Eigar: Jan Erik Fløtre

    Årheims Gullen vert brukt av Marthe Fløtre, dotter av eigar og barnebarn av oppdrettar av hesten. Gullen er ein flott fjordhest – stødig som eit fjell, veldig snill og ei energibombe som er med på alt. I år deltok Marthe og Gullen på fjordhest-NM der dei vann LA presisjon. Tidlegare har dei vore med på sølvlaget til NM både i 2013 og 2014.

    Det beste minnet Marthe har med Gullen er då ho kom heim etter å ha tatt ridelærarutdanning på Norsk Hestesetner. Dette var første gong ho hadde vore vekke frå Gullen i meir enn ei veke i strekk – fem månader var det sidan dei sist hadde sett kvarandre. Då Marthe kom inn i stallen toppa Gullen øyrene og vrinska til henne – det var klart at han kjente henne att.

    Årheims Gullen er ein av fire hestar som deltek i «The Challenge» under Kingsland Oslo Horse Show laurdag 14. oktober. Vi ynskjer han lukke til!

    Norges Fjordhestlag set stor pris på dei som stiller hestane sine til disposisjon til dette showinnslaget. Det er lang reiseveg til og dyr oppstalling på arrangementet, så vi oppfordrar heile Fjordhest-Noreg om å bidra med ein liten sum. Støtte kan vipsast til Cassandre Bach-Gansmo på telefonnummer 95225629. 

    Share This