I helga går Kingsland Oslo Horse Show av stabelen i Telenor Arena. Under fjorårets show deltok fjordhesten i ei fartsfylt sprangkonkurranse med internasjonale toppryttarar, noko som imponerte heile Heste-Noreg. Også i år vert fjordhesten å sjå under KOHS – i programnummeret som vert kalla «The Challenge». Denne gongen vert lærarar og elevar utfordra til ein knallhard duell mot kvarandre. Kven er best – eleven eller læremeisteren? Fire fjordhestar deltek i årets «The Challenge», og på våre nettsider vil du denne veka få presentert alle saman.

Ryttergaardens Herkules

    Foto: Astrid Marie Årdal

    Vallak fødd 2003
    e. Baldrian u. Højgaards Sandra ue. Sonny Fjordblikk
    Oppdrettar: Karina Somme (Danmark)
    Eigar: Ingrid Modalen

    Ryttergaardens Herkules var ein av fjordhestane som deltok i showinnslaget «Tidenes comeback» under Kingsland Oslo Horse Show i fjor. Han og den nederlandske toppryttaren Maikel van der Vleuten gjekk heilt til topps og vann heile konkurransa. Van der Vleuten skraut av Herkules både i og utanfor bana, og dette var ei veldig stor oppleving for eigar Ingrid.

    Herkules er ein god spranghest, og hans store motor og gode spenst kjem godt med på sprangbana. Ingrid seier at han har mykje stå-på-vilje og alltid er positiv, noko som gjer han til ein hest det er kjekt å arbeide med.

    Ingrid og Herkules deltok tidlegare i år på både NM og Nordisk for fjordhest. Dei fekk med seg ein fjerdeplass heim frå nordisk, og på NM fekk dei ein andreplass.

    Ryttergaardens Herkules er ein av fire hestar som deltek i «The Challenge» under Kingsland Oslo Horse Show laurdag 14. oktober. Vi ynskjer han lukke til!

    Norges Fjordhestlag set stor pris på dei som stiller hestane sine til disposisjon til dette showinnslaget. Det er lang reiseveg til og dyr oppstalling på arrangementet, så vi oppfordrar heile Fjordhest-Noreg om å bidra med ein liten sum. Støtte kan vipsast til Cassandre Bach-Gansmo på telefonnummer 95225629.

    Share This