Den første kvelden på Haustmøtet handla om tal. Tal på bedekkingar, følprosent, tal på hestar i avl og innavlsgrad. Dessverre er det vanskeleg å bruke desse tala til noko, fordi det er så mange feilkjelder i datamaterialet. Oppfordringa frå Siri Furre, fagrådgjevar ved Norsk Hestesenter, er klar: Hesteeigarane må verte mykje flinkare til å rapportere inn status på hestane sine.

Norsk Hestesenter sit på tal for bedekkingar og fødde føl frå 1989 og fram til i år. Av 13 100 bedekkingar i tidsrommet har ein registrert 7400 føl, og 2400 bedekkingar har enda opp utan føl. Dette gir ein følprosent på 56%. Dølahesten og nordlandshest/lyngshesten har ein følprosent på henhaldsvis 58% og 69%.

Dette er tal Siri Furre stussar ved. Innavlsgrad kan påverke fruktbarheita, men her ser ein at den rasen med lågast innavlsgrad også har lågast følprosent. Fjordhesten har ei innavlsgrad på om lag 8%, som er desidert lågast av dei tre nasjonale rasene. «Det er ingen grunn til å tru at fjordhesten er mindre fruktbar enn dei andre rasane, men fordi det er så mange bedekkingar som aldri vert rapportert inn er det heilt umogleg å vite» seier Furre.

Av desse 13 100 registrerte bedekkingane er det heile 3300 av dei ein ikkje veit resultatet av. For å kunne kartlegge følprosent på fjordhest er ein heilt avhengig av at alle bedekkingar vert rapportert inn. Uansett om hoppa har fått levande fødd føl, følet har døydd tidleg, hoppa har kasta undervegs eller hoppa aldri vart drektig skal dette meldast inn til Norsk Hestesenter via springsetelen. At hoppeeigarane gjer dette er heilt avgjerande for å kunne kartlegge følprosenten i rasen. Har vi eit fruktbarheitsproblem, eller skuldast den låge følprosenten berre at fjordhestfolket er slappe på rapportering? «Dersom vi ser at følprosenten synk må vi vite heilt sikkert at her er det eit problem, ikkje berre lure på kva vi ikkje veit» seier Furre.

Feilkjeldene i datamaterialet til Norsk Hestesenter er så mange at talmateriale nesten ikkje kan nyttast til noko. «Vi veit for lite kva som ligg bak dei tala som finns til å for eksempel kunne samanlikne tal frå år til år» seier Furre. Det er heilt klart at her må ein forbetre rapporteringa, og Norsk Hestesenter ynskjer å på sikt å få til elektronisk rapportering. Inntil dette ligg føre, er ein avhengig av at hesteeigarane melder inn korrekt informasjon om sine hestar.

Det er ikkje berre bedekkingar det er viktig å rapportere inn; Norsk Hestesenter må også få informasjon om kastrasjonar og døde hestar. Dette er naudsynt for å få oversikt over kva slags hestar som finns i populasjonen og kva slags genmateriale vi har tilgjengeleg.

Hittil i år er det registrert 119 fødde fjordhestføl. Dette gir ein følprosent på 47%, men her veit vi at det manglar rapportering. Bedekkingstala for 2017 syner at 232 hopper og 32 hingstar er brukt i fjordhestavlen i 2017.

Har du hatt hoppa di til hingst, skal springsetelen sendast inn uansett. Der kan du krysse av for om hoppa har fått føl eller ikkje. Er hesten din død eller kastrert må du melde frå om dette til Norsk Hestesenter. Dette kostar ingenting, og du kan gjere det enkelt ved å sende ein e-post til registrering@nhest.no. Veit du om ein hest som ikkje er ført opp med korrekte opplysningar, gi gjerne beskjed til eigaren slik at dei kan melde inn.