Mange ønskjer å kjøpe ferdig utdanna hestar av dei nasjonale hesterasane, men vi har ikkje nok slike hestar å tilby marknaden. Norsk Fjordhestsenter og raseorganisasjonane for dei tre nasjonale hesterasane vil difor setje i gong eit prosjekt som heiter Prosjekt Kvalitetshest, som skal utdanne unghest for sal. Forprosjektet til Prosjekt Kvalitetshest er sett i gong ved Norsk Fjordhestsenter, der ein prøvar ut opplegget med å ta unghest inn til utdanning. Kan dette vere aktuelt for din hest?

Vil tilby trygge kvalitetshestar
Målet med Prosjekt Kvalitetshest er å utdanne trygge kvalitetshestar for salsmarknaden. Ved å la hestane gå igjennom eit kvalitetssikra utdanningsprogram, vil ein kunne redusere talet på ulykker med hest og tilby marknaden tryggare hestar av nasjonal rase. Dei tre nasjonale hesterasane er særleg godt eigna til utdanningsprosjektet fordi dei frå naturen si side er rusta med eit stødig temperament og god helse.  Føresetnadene for å skape trygge og gode hestar til bruk for born, unge og uerfarne hesteeigarar er veldig gode når ein har ein fjordhest, nordlandshest/lyngshest eller dølahest.

Nasjonale hestesentra arena for utdanningsprosjektet
Dei nasjonale hestesentera er ein god arena for utdanningsprosjektet. Dei har kompetanse og erfaring til å kunne stalle opp og utdanne unge hestar til å verta trygge brukshestar. Det er viktig at hestane er tilpassa den bruken som marknaden i Noreg etterspør.

Det er gjort mykje arbeid med planar for korleis ei unghestutdanning bør vere med omsyn til alder, innhald, krav til handtering, trenarar m.m., men ein har enno ikkje hatt mogelegheit til å teste dette ut. Gjennom forprosjektet vil ein skaffe meir kunnskap om ressursbruk, økonomi, nytte og praktisk gjennomføring. Ei arbeidsgruppe vil følgje opp prosjektet og hestane som er med.

Ønskjer å hauste erfaringar
Målet med forprosjektet er å hauste erfaringar og dokumentasjon slik at ein står att med utkast til utdanningsløp som unghestane skal gjennom når vi seinare kan setje i gang hovudprosjektet Prosjekt Kvalitetshest. Dette gjeld mellom anna dagleg handtering, tilvenning til utstyr, tømmekøyring, innkøyring, innriding m.m. Erfaringane frå forprosjektet vert viktige for å etablere permanent tilbod om utdanning av kvalitetshest.

Gunnar Bruland er fagleg ansvarleg for treningsplanane

Trening og oppfølging
I forprosjektet vil vi ha to utdanningsperiodar: Den fyrste er frå slutten av oktober til midten av desember. Den andre er frå 5. januar til salsdag 3. mars. Gunnar Bruland er fagleg ansvarleg for treningsplanane, og Norsk Fjordhestsenter har ansvar for dagleg handtering og oppfølging av dei individuelle treningsplanane for kvar hest. Det vil vere god kommunikasjon med eigarane gjennom utdanningsperioden.

Deltakarane i forprosjektet betaler berre oppstallingskostnader (2775 kr per mnd, inkl mva), og kostnader til evt skoing og veterinær. Øvrige kostnader i forprosjektet vert dekt av Norsk Fjordhestsenter og støtte frå Hestehjelpskassa.

Visnings- og salsdag
Etter kvar utdanningsperiode vil vi ha ein felles visnings-/salsdag for hestane i prosjektet. Her vil hestane bli viste fram, og interesserte kjøparar kan kome for å sjå og samanlikne hestane, prate med trenarane, få gode råd og finne den rette hesten for sitt bruk. Hestane vert også marknadsført på eiga side med film og bilete undervegs i utdanninga. Nærare informasjon om framdrifta i prosjektet og tidspunkt for visnings-/salsdagar vil kome.

Kan dette vere aktuelt for din unghest?
Første pulje med unghestar er no i gang ved Norsk Fjordhestsenter. Har du unghest du ønskjer å selje, som du ønskjer inn i prosjektet etter nyttår?

Søk på vedlagt søknadsskjema. Eigarane til hestane som vert plukka ut til prosjektet vert kontakta så snart som råd etter nyttår. Dei som ikkje kjem med i fyrste omgang kan vere aktuelle seinare.

Krav til hestar i forprosjektet:
– Nasjonal rase
– Hoppe eller vallak
– Unghest (2-4 år)
– Det er ønskeleg at hestane har vore vist på følskue eller unghestskue
– Eigar ønskjer å selje hesten
– Eigar må vere medlem av ein av dei tre nasjonale raseorganisasjonane

Alle hestar som skal stallast opp hos Norsk Fjordhestsenter AS skal ha gyldig vaksinasjonsattest. Hestar med lyter (eks. krybbebitt, veving, vindsluking), blir ikkje tatt inn i prosjektet. Vi tilrår at hestane er forsikra.

Send inn søknadsskjema til post@norsk-fjordhestsenter.no så snart som råd.
Kontaktperson ved spørsmål: Magni Hjertenes Flyum, Norsk Fjordhestsenter, tlf 93422756

 

Foto: Ståle Hansen