Mange ynskjer å kjøpe seg fjordhest, dølahest eller nordlandshest/lyngshest, men dei aller fleste har eit krav om at hesten dei kjøper skal ha ei viss utdanning. Oppdrettarar rundt om i landet har unghestar til sals, men desse manglar ofte utdanning for å kunne verte attraktive salshestar. Prosjekt Kvalitetshest skal vere eit mellomledd her, som gjer at ein får grunnutdanna hestar å tilby marknaden.

Tekst og foto: Ingvild Rydjord Hansen

Prosjekt Kvalitetshest skal skape kvalitetshestar av dei tre nasjonale hesterasane. Håpet er at ein både skal få frigjort plass hjå oppdrettarane, som då kan bedekke hoppene sine på nytt, og at ein skal gjere det lettare og meir attraktivt å kjøpe dei norske rasane. Som namnet på prosjektet tilseier skal dette skape kvalitetshestar, som har gjennomgått eit utdanningsprogram forma av røynde hestefolk. Folk skal vere sikre på at når dei kjøper ein hest frå Prosjekt Kvalitetshest, er dette ein trygg hest som dei kan ha mykje glede av.

Prosjektet er eit samarbeid mellom raselaga for dei tre nasjonale hesterasane og dei tre nasjonale hestesentera. Det har vorte arbeidd med prosjektet i lang tid, og det er ei glede å fortelje at forprosjektet no er i gong på Norsk Fjordhestsenter. I november kom seks unghestar til senteret, og dei har hatt stor framgong på tida dei har vore i trening der.

Ansvarleg for den daglege treninga er Ben Hjelmervik, som har mange års erfaring med temjing av hestar. Til saman har han temt omtrent to hundre hestar, og han har stilt ut 36 hingstar på Nordfjordeid. Når ein høyrer Ben fortelje om Prosjekt Kvalitetshest er det ingen tvil om at dette er noko han brenn for. «Eg har lenge meint at dette er ein fantastisk idé, og eg er veldig glad for at prosjektet no er starta opp. Eg trur dette vert ein stor suksess, og håpar at det at trygge, gode, norske hestar no vert tilbudt marknaden gjer at enno fleire vel dei norske hesterasane» seier han.

Fagleg ansvarleg for prosjektet er Gunnar Bruland. Han er ein erfaren hestekar som har halde kurs over heile landet, og han er også den mest nytta kurshaldaren i «Fokus Unghest»-prosjektet. Gunnar er med på treninga nokre dagar, og er også ansvarleg for å utforme treningsplanane. Han får kontinuerleg oppdatering på korleis det går med hestane i prosjektet, og kjem med innspel til korleis ein bør arbeide med ulike utfordringar undervegs.

Lærling ved Norsk Fjordhestsenter, Ina Malene Berge, deltek også i den daglege handteringa av unghestane. Ho seier ho er imponert over kor fort unghestane fann seg til ro på ein ny plass, og seier det er veldig givande å få arbeide med hestane i prosjektet. «Eg syns det er veldig bra at dei får stå ute i flokk heile dagen. Dei får herje og får ut energi på kvarandre, og i tillegg lærer dei seg flokkåtferd» seier ho.

    Ina Malene Berge er lærling ved Norsk Fjordhestsenter, og deltek i den daglege handteringa av unghestane.

    Det er tre nordlandshest/lyngshestar, to fjordhestar og ein dølahest med i prosjektet. Desse har veldig ulike utgangspunkt når det gjeld utdanning, nokre hadde vorte køyrd med vogn medan andre knapt er handterte før dei kom til prosjektet. Treningsplanane hestane går igjennom er nøye planlagt i samråd med eigarane, og dei ansvarlege for prosjektet nyttar sin kunnskap for å legge opp eit utdanningsløp på hesten sine premissar.

    Ein av hestane som deltek i prosjektet er to år gamle Symra (e. Kornvin Freidig u. Staslin). Ho hadde hatt vogn på seg før ho kom til prosjektet, men har no fått enno fleire utfordringar. «Dette er ei flott hoppe med mykje vilje og gode rørsler» fortel Ben om ho. «Ho er ei veldig trygg og stødig hoppe, som både går i vogn og trekkjer lunnedrag. Ho tek alle utfordringar på strak hov, og er ein hest med mykje potensiale» legg han til.

      Symra dreg lunnedrag.

        Symra tek alle utfordringar på strak hov, som for eksempel å hoppe ned dette feltrittshinderet.

        Sjølv om han har temt over to hundre hestar, lar Ben seg framleis imponere. Den eine nordlandshest/lyngshesten som er med er to år gamle Venus (e. Bjørke Burre u. Gryta Lyngs Fiona). Ho kom rett frå beite og til prosjektet, og har ikkje gjort så mykje tidlegare i livet sitt. Denne hoppa meiner Ben er eksepsjonell. Ho er ein letthandterleg og omgjengeleg hest utan unotar, og ho er veldig stødig og lettlært. To veker før prosjektet er over er ho klar til å spennast for vogn. «Dette kjem til å verte ein fantastisk hest!» seier Ben.

            Venus er klar for å spennast for vogn.

            Alle dei tre norske hesterasane er representert i prosjektet. Dølahesten som er med heiter Skumring og er ein åringshingst e. Gjerde Blæsen u. Gurostjerna. «Utfordringa med denne hingsten er at han er litt skvetten, og vi jobbar difor med å desensitivisere han med tanke på at han skal kunne verte ein trygg køyrehest med tida» seier Ben. Skumring er ein følsom hest som lærer fort, og han har hatt stor framgong i løpet av prosjektperioden.

              Ben Hjelmervik får hjelp av Asle Espe frå Norsk Fjordhestsenter for å venne Skumring til lyden frå draget.

              Norsk Fjordhestsenter er arena for Prosjekt Kvalitetshest, og dette er eit senter som har gode føresetnader for å fungere godt til eit slikt prosjekt. Unghestane har fått sin eigen del av stallen der dei har kvar si boks som dei står i om natta. Ute har senteret laga til ei stor innhegning der unghestane får gå i flokk på dagtid. Der er det meir enn nok plass til å leike og herje, og hestane har også fått presenning, dekk og ball i innhegninga, slik at dei kan utfordre nysgjerrigheita si.

              «Det er mykje god trening i å ha hestane i flokk» seier Ben. «Dei får ut overskotsenergien sin og dei lærer seg flokkåtferd. Ikkje minst får dei lov til å vere unghestar sjølv om dei er inne i eit intensitvt treningsprogram.»

                Unghestane får gå i flokk på eit stort uteområde heile dagen.

                  Unghestane trivs godt i flokken.

                  Dette er eit prosjekt for hestar som skal seljast etter treningsperioden. I første pulje er det også med hestar som ikkje skal seljast. Dette er for at dei ansvarlege skal gjere seg erfaringar om korleis prosjektet fungerer for ulike hestar med tanke på rase, alder og utdanning. Det vert også gjort ei vurdering på kor mange hestar som bør vere inne til trening samstundes. Alle hestane skal presenterast på visnings- og salsdagen, også dei som ikkje er til sals.

                  Visnings- og salsdagen gir folk eit innblikk i kva Prosjekt Kvalitetshest går ut på. Det er ei unik moglegheit for dei som er på jakt etter ein norsk hest, her får dei sjå fleire hestar som er til sals, og kan samanlikne desse. Gjennom Prosjekt Kvalitetshest kan kjøparane få kjøpt ein flott, norsk hest som har gått igjennom eit kvalitetssikra utdanningsprogram. Ein kan også få hjelp av erfarne hestefolk til å velje ut den hesten som er rett for akkurat seg, med tanke på lynne og kva ein ynskjer å bruke hesten til. Dei som ikkje skal kjøpe hest er sjølvsagt også velkomne til å vere med denne dagen, og nyte synet av flotte, norske unghestar.

                  Prosjekt Kvalitetshest inviterer til visnings- og salsdag for den første pulja med unghestar laurdag 16. desember på Norsk Fjordhestsenter. Alle som er interessert i dei norske hesterasane er hjarteleg velkomne, og spesielt ynskjer vi at dei som er ute etter å kjøpe sin eigen, norske hest møter opp. Vel møtt!

                  Trykk gjerne «deltek» på arrangementet på Facebook dersom du har planar om å kome  på visnings- og salsdagen!

                  Share This