2017 er snart over. Det har vore eit innhaldsrikt år for fjordhesten. 2017 var året med der NM for Fjordhest vart arrangert av Askim Rideklubb for første gong. Borge Rideklubb og Østfold Fjordhestlag arrangerte eit flott Nordisk Meisterskap for Fjordhest på Fredriksborg Hestesportsenter med 55 startande ekvipasjar frå Sverige, Danmark, Noreg og Finland.

På grunn av få hingstar var det for første gong berre eitt dommarlag under hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Samtidig såg vi eit positivt paradoks – det var likevel bra kvalitet på hestane. Fleire treåringar vart kåra og stilt i kvalitet enn på mange år. Landsfinalen for unghest ga fjordhesten verdifull marknadsføring under Dyrskuæn i Seljord, med mange flotte ungdyr det blir spennande å følge vidare.

Det ser ut som marknaden for fjordhest er i ferd med å snu. Det er rift om gode fjordhestar, og det er ofte stor interesse for dei fjordhestane som vert annonser på finn.no. Det ser òg ut til at prisane stig. Ein marknad i endring i positiv retning er kanskje det viktigaste for å stimulera til at fleire bedekker hoppene sine.

Denne hausten har vi fått i gang forprosjektet til Prosjekt Kvalitetshest, som skal utdanne hest av nasjonal rase for salsmarknaden. Vi har nok ein gong fått vise fram fjordhesten på Kingsland Oslo Horse Show, og vi har starta eit viktig rekrutteringsarbeid gjennom Barnas Fjordhestlag som har hatt fleire arrangement rundt om i lokallaga. Gjennom hoppelinjeprosjektet har vi produsert nye og spennande føl. Alle desse satsingane skjer i samarbeid med lokallag og medlemmane våre. Vi som er tillitsvalde i Norges Fjordhestlag synest det er veldig kjekt å arbeide for fjordhesten saman med så mange engasjerte og dyktige folk!

Jula er tid for ettertanke. Det er uro i verda, og sett opp mot dette er problema våre små. Nokre gonger treng vi å sjå ting i perspektiv. Norges Fjordhestlag ønskjer at 2018 skal bli året der vi lyftar blikket og blir rausare med kvarandre. Vi ønskjer at vi kan unne kvarandre suksess, at vi gler oss med dei som får kåra hingstar og sløyfe på hopper og unghestar. Vi ønskjer at 2018 skal bli året der vi er meir som hesten vår. For fjordhesten er modig, raus og inkluderande. La oss som styrer med han også vere det!

Opplevingar med fjordhest er for mange ein naturleg del av juleferien. Mange lokallag nyttar høvet til å arrangere kurs og samlingar. Det er kjekt å bruka hestane aktivt, også i jula. Nokre er i full gong med trening fram mot NM og utstilling. Men lista treng ikkje ligga så høgt – det er kjekt å berre ri eller køyre seg ein tur. Gode opplevingar med fjordhest er stas for folk i alle aldrar, og vi ynskjer at endå fleire skal få gleda av dette.

Styret i Norges Fjordhestlag vil takke alle som bidreg positivt for fjordhesten. Takk til alle som driv lokalt arbeid, som er sjølve grunnsteinen i vår organisasjon. Takk til alle som legg ut flotte bilete på sosiale media, det er viktigare markandsføring enn ein er klar over. Takk til alle som har hestar, som trenar og satsar. Takk til alle som avlar og viser hest på utstilling. Takk til alle som likar fjordhesten og snakker postivt om han til andre.

Vi takkar spesielt Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hestesenter for samarbeidet i året som har gått, og vi takkar alle andre samarbeidspartar og eldsjeler for god dialog og innsats.

Styret i Norges Fjordhestlag vil ynskje alle medlemmar ei fredeleg julehøgtid og eit godt, nytt fjordhestår!

 

På Facebook-gruppa vår oppmoda vi medlemmane til å dele sine julebilete med fjordhest. Her har du eit lite utval av dei flotte bileta vi fekk inn. Gå gjerne inn på gruppa vår for å sjå alle saman!

    Toregardens Caiser og Simen. Sendt inn av Nina Bekkevold.

      Mykleby Max og Helene. Sendt inn av Helene Vartdal Engeset

        Hermantos Datter, sendt inn av Merethe Ramberg

          Lunner Varga og sjølvaste julenissen. Sendt inn av Espen Mørch Andersen

            Hermantos Datter. Sendt inn av Merethe Ramberg

              Mettes Grålin. Sendt inn av Therese Waardal Breivik

                Hugo og Hanne-Malén. Sendt inn av Hanne-Malén Nesvik Henriksen

                  Lauvprinsen. Sendt inn av Lars Mangelrød

                    Pryd Skovå. Sendt inn av Sølvi Engøy Lien

                      Grålina, Kaja og Dønning. Sendt inn av Kaja Steffensen.

                        Athukens Evina. Sendt inn av Frida Kristin Hansen

                         

                        Share This