Laurdag vart det arrangert Skeid på Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid. Mange fekk si aller første erfaring med Skeid, og deltakarane var veldig positive til denne nye konkurranseforma.

Av Ingvild Rydjord Hansen
Foto: Ingvild Rydjord Hansen og Magni Hjertenes Flyum

Skeid er signaturaktiviteten til dei nasjonale hesterasane fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest. Konkurransen består av ulike moment der hestane treng mot, arbeidsvilje, stødigheit, hurtigheit og handterbarheit for å kunne gjere det godt. Alt dette er eigenskapar som dei nasjonale hesterasane har, og som vi set stor pris på i dei. Det har nyleg kome reglement og dømmeskjema for Skeid, slik at det er enklare for lokallag å arrangere konkurransar.

Asle Espe er tilsett ved Norsk Fjordhestsenter og var med på å arrangere «Skeid på Eid» laurdag. Han er veldig positiv til konkurranseforma, spesielt fordi det er eit lågterskeltilbod som passar for alle. «Skeid er enkelt å lage til, og det er kjekt at ein kan nytte naturlege hinder» seier han. Denne dagen valde dei å legge Skeid til ridehallen, mest på grunn av det isete føret utandørs. I staden tok dei med seg naturlege hinder inn i hallen, og hadde mellom anna tømmerstokkar som hestane skulle gå over.

Soria kom seg fint over tømmerstokkane.

Åtte moment var med i laurdagens Skeid. Alle hestane gjekk igjennom alle momenta, men på den lettaste klassa vart berre fire av dei dømt. Løypa starta med den største utfordringa for mange av hestane – å gå igjennom ein port med plaststrimler. Særleg for unghestane var dette litt skummelt, men dei aller fleste kom seg igjennom. Post nummer to var å flytte eit flagg frå ei kjegle til ei anna, og nummer tre var å opne ein port. Deretter skulle hestane gå over ei bru og tre tømmerstokkar, før det var klart for hindera med ukjent underlag. To ulike typar underlag vart nytta, både ei kvit presenning med bildekk på og svart bobleplast, som er noko dei færraste hestane har sett før. Presisjonshindera starta med ein vinkel av bommar på bakken, der ein først skulle gå gjennom og deretter rygge tilbake. Det siste hinderet var eit nøkkelhol av plankar, der ein skulle gå inn, snu 360 grader rundt og gå ut att. Innimellom hindera var det transportetappar der deltakarane vart oppfordra til å trave eller galoppere.

Nokre av hestane var skeptiske til denne tunellen..

..men dei fleste kom seg igjennom likevel!

Den svarte bobleplasten var ny for mange av hestane.

Dei fleste klarte fint å snu utan å trakke på plankane.

To av deltakarane i lett klasse var Amalie og Hanne. Dei er elevar på hestelinja på Fjordane Folkehøgskule og starta Skeid med fjordhestane sine Kvitfaks og Liaguten. Dei har ikkje noko erfaring med Skeid frå tidlegare, men det første møtet var absolutt positivt. «Dette er noko heilt nytt som vi ikkje har vore borti før, og det var veldig kjekt å vere med» seier dei. Etter at dei hadde ridd sjølv såg dei på dei andre, og tykte også at Skeid er veldig underhaldande og publikumsvenleg.

Amalie og Kvitfaks flyttar flagg utan problem.

På Fjordane har Hanne og Amalie hatt miljøtrening med hestane sine, men i dag møtte dei fleire moment som var nye for både dei og hestane. Hestane deira tok det aller meste veldig fint, men det var litt uvant med dei å gå på ukjent underlag med andre fargar enn det dei har prøvd før. Både Hanne og Amalie ynskjer å delta på Skeid ved seinare høve, og håpar det vert arrangert fleire slike konkurransar på Eid før skuleåret deira er ferdig.

Hanne og Liaguten fekk god fart over tømmerstokkane, og fekk flest poeng av alle startande.

På Norsk Fjordhestsenter har dei for tida ti unghestar inne til trening i «Prosjekt Kvalitetshest». Unghestane var også med på Skeid, i feilfri klasse. Magni Hjertenes Flyum, dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter, seier at dei nyttar Skeidmoment i treninga av unghestane i prosjektet. «Ved å nytte Skeidmomenta og vurdere hestane undervegs i treningsperioden får vi eit veldig godt inntrykk av både eigenskapane til hestane og utviklinga dei har hatt i prosjektet» seier ho.

Virilla (2 år) gjekk fint over tømmerstokkane.

Nyhaugs Myrtel (3 år) ryggar i vinkel.

I Skeid har ein mange moglegheiter med tanke på kva slags moment ein vel å nytte, kvar ein vil arrangere og kva slags klasser ein gjennomfører. Ein treng ikkje mange fasilitetar for å arrangere Skeid, men ein må ha eit område der ein kan plassere momenta og der det er lett for publikum å følgje med.

På nettsidene våre kan du lese meir informasjon om Skeid, korleis de går fram om de ynskjer å arrangere Skeid samt finne reglement og dømmeskjema. Vi ynskjer å lage fleire saker om Skeid, så ta gjerne kontakt med oss om ditt lokallag skal arrangere!