Det er 32 år sidan den første Noregsmeisterskapen for Fjordhest vart arrangert. I dag opna Fjordhest-NM 2018 på Stord Hestesportsenter.

For første gong vert Fjordhest-NM arrangert på Stord. Her har det dei siste åra vorte bygd eit stort hestesportsenter, med alle fasilitetar som trengs for eit så stort stemne som Fjordhest- NM. Over hundre hestar har kome til Stord for å vise krefter i dressur, sprang, køyring og feltritt.

Å sjå så mange veltrente, blankpussa fjordhestar på ein plass er ei fryd!

«Det er ingen som kjem til NM etter halvhjerta innsats» sa leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen, i sin tale under opninga. Det var det ingen tvil om når ein såg dei blankpussa, veltrente fjordhestane med sine stolte ryttarar og kuskar innta arenaen under opningsseremonien.

Fjordhest-NM er for mange årets største høgdepunkt. Den innsatsen som vert lagt ned både før og under stemnet er utrulig viktig for fjordhesten, og Norges Fjordhestlag er veldig takksame for den jobben som vert gjort av alle deltakarar. Vi er også særs takksame for den jobben arrangørklubben Stord Hestesportslag har gjort for å få arrangert dette stemnet, og vi gler oss til ei fantastisk fjordhestveke på Stord.

Årets meisterskap vart høgtideleg opna av ordførar i Stord kommune, Gaute Straume Epland.