Norges Fjordhestlag søker arrangør til Fjordhest-NM 2019.

Fjordhest-NM er eitt av årets viktigaste arrangement for fjordhestfolket. Stemnet samlar over hundre fjordhestekvipasjar som konkurrerer om tittelen som Noregsmeister for fjordhest. Norges Fjordhestlag er no på jakt etter ein arrangør for Fjordhest-NM 2019.

For å kunne arrangere Fjordhest-NM må ein ha moglegheit for oppstalling til omlag hundre hestar (det er vanleg å leige inn teltstallar), og baner til å arrangere konkurranser i dressur, sprang og køyring. Fjordhest-NM er eit stort arrangement som krever mykje logistikk, så erfaring med å arrangere større stemner er fint å ha med seg. Det er ynskjeleg at ein klubb tilknytta Norges Rytterforbund og eit lokalt fjordhestlag tilknytta Norges Fjordhestlag arrangerer NM saman.

Har du spørsmål, eller ynskjer din klubb å søke? Ta kontakt med aktivitetsutvalet i Norges Fjordhestlag på e-post: aktivitet@fjordhest.no 

Frå opningsseremonien under Fjordhest-NM 2018 på Stord