Norges Fjordhestlag, Landslaget for Dølahest
og Landslaget for nordlandshest/lynghest ynskjer velkomen til

Haustmøtet 2018

Scandic Flesland, Bergen
2.-4. november

Møteleiar: Bjørn Vollstad

Fredag

19.00

  • Opning av helga – velkommen!
    ved leiarane
  • Informasjon frå Norsk Hestesenter
    ved Siri Furre
  • Informasjon frå Fagutvalet
    ved representantar frå landslaga

20.30: Middag

Laurdag

09.00:   Arbeid og utvikling i lokallaga
ved Bjørn Vollstad
Presentasjon av arbeidet i Sogndal Hesteavlslag og diskusjon om lokallagsarbeid.

11.00:   Fôring: Korleis fôre i ein sesong med lite grovfôr?
ved Josefa Andreassen Torp, Norsk Landbruksrådgivning

12.00: Fôring: Kenneth Stenbro og Marianne Sønderkjær frå St. Hippolyt Norge tipsar om produkt ein kan bruke i årets spesielle fôrsesong.

12.30:   Lunsj

13.30: Hingsteutstilling og utvida bruksprøver: Kva fungerer og kva kan gjerast betre?
Dei tre organisasjonane deler sine erfaringar, og vi diskuterer gode løysingar.

15.00:   Bruk og tilpassing av bitt
ved Øyvind Landgraff

16.00:   Kolikk og magesår – behandling og forebygging
ved veterinær Ann-Kristin Milde

 Kl. 20.00: Middag

Søndag

09.00: Rasespesifikk del for Norges Fjordhestlag

  • Fjordhesten sine fargar – korleis kan vi best bevare dei?
  • Bitt- og tøylebruk på utstilling – korleis bør reglementet vere?
  • Informasjon frå Norges Fjordhestlag

Kl 12.00: Open post

Ca. 13.30: Lunsj

Vi tek atterhald om endringar i programmet.

Påmelding:

Meld deg på ved å sende e-post til bente.lilleengen@nhest.no innan 12. oktober. Eventuelle spørsmål eller merknader må skje i e-post ved påmelding.

Betaling skjer ved påmelding til kontonummer 2095.19.84222 (Landslaget for Dølahest). Betalinga må merkast med raselag, namn på deltakar og påmeldingsalternativ. Påmeldinga er ikkje gyldig før innbetalinga er registrert på konto.

 Prisar:

Heilpensjon fredag-søndag i dobbelrom: 2900 kr
Heilpensjon fredag-søndag i enkelrom: 3200 kr
Heilpensjon laurdag-søndag i dobbelrom: 1900 kr
Heilpensjon laurdag-søndag i enkelrom: 2200 kr
Dagpakke laurdag og søndag: 700 kr per dag
Middag ikkje-buande: 490 kr
Prisane i dobbelrom er per person.

Vi oppmodar alle til å søke sitt lokal- eller distriktslag om støtte til reise.

Vel møtt til Haustmøtet!