Når ein har hoppa si til hingst, ynskjer ein sjølvsagt at det skal resultere i eit velskapt føl året etterpå. Kva kan ein som hoppeeigar gjere for å auke sjansen for at hoppa vert drektig?

av Ingvild Rydjord Hansen

Dette er andre del i ein artikkelserie om bedekning og drektigheit. Del 1 – «Status for fjordhesten» kan du lese her.

Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter inviterte i april til fagsamling om betre drektigheit på hest. Målet er å auke kunnskapen om avl blant oppdrettarar av fjordhest, slik at ein forhåpentlegvis aukar talet på fødde føl i populasjonen.

Vidareutdanning innan reproduksjon

På fagsamlinga deltok Caroline S. Haadem, som er veterinær ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU). Ho har vidareutdanning innan reproduksjon på hest, som gir ho tittelen dipl. ECAR (European College of Animal Reproduction). Haadem har arbeidd med reproduksjonsarbeid på hest i Noreg, Sverige, Argentina og USA.

«Det er mykje ein som hoppeeigar kan gjere for å auke sannsynlegheita for at hoppa vert drektig» seier Haadem. Under fagsamlinga orienterte ho om reproduksjon på hest, og korleis hoppeeigarar bør følgje opp hoppene sine før og under bedekninga.

Naturleg bedekning

Den mest vanlege bedekningsforma på fjordhest er naturleg bedekning, anten på stasjon eller på slepp. På stasjon vert hingsten ført til hoppa, og viss hoppa er klar får hingsten bedekke ho. Ved stasjonsbedekning har ein god kontroll på når og kor mange gongar hoppa står for hingsten, og ein veit også om hingsten faktisk har bedekt.

Hos dei norske rasane er det lang tradisjon for å sleppe hopper og hingst ilag på eit slepp. Ofte står hingstane først i stasjon, og deretter på slepp resten av sommaren. Ulempa med slepp er at det er vanskeleg å ha full kontroll på om og når hoppene er bedekt, og i tillegg kan andre omstende som flokksamansetning og rangordning i flokken vere med på å påverke kva hopper som vert para.  

Å sleppe hingsten saman med fleire hopper er vanleg på dei norske hesterasane.

Inseminering

På mange raser skjer alle bedekningar gjennom inseminering, og dette har etter kvart vorte vanleg på fjordhest også. Det er fleire fordelar med semin samanlikna med naturleg bedekning. Den eine er lågare smittepress og mindre fare for skader på både hoppe og hingst, og ein annan er at ein har full kontroll på hoppa sin syklus og tidspunkt for befruktning.

På Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid har det vore semindrift i 15 år, og i 2007 opna senteret sin eigen seminstasjon. Kvart år står to-tre hingstar til avlsteneste her. Asle Espe, som er seminansvarleg ved senteret, seier at det er mange hoppeeigarar som ynskjer å nytte seg av semin. «Vi har hatt ein følprosent på over 70% her på senteret, noko som er mykje høgare enn gjennomsnittet for fjordhest» fortel han. «Det er dyrare for hoppeeigarane med semin enn med naturleg bedekning, men mange er villige til å betale litt ekstra sidan det gir større sjanse for å få føl.»

«Det er dyrare for hoppeeigarane med semin enn med naturleg bedekning, men mange er villige til å betale litt ekstra sidan det gir større sjanse for å få føl.»

Asle Espe, Norsk Fjordhestsenter

Espe seier at mindre fare for skader og lågare smittepress også er blant grunnane til at fleire hoppeeigarar vel å bruke semin. Det er også lettare å kombinere med bruk, ettersom ein ikkje treng å sende vekk hoppa over lengre tid.

Dei fleste av hoppene kjem til Fjordhestsenteret og vert inseminert der. I tillegg sender senteret også sæd til hoppeeigarar i resten av landet. «Vi har hatt EU-godkjenning på stasjonen nokre år slik at vi kan levere sæd til utlandet, men dette er veldig kostbart og vert difor ikkje gjort kvart år» seier Espe.

På Norsk Fjordhestsenter er det semindrift i bedekningssesongen. Her tappar veterinæren hingsten for sæd.

Riktig insemineringstidspunkt er viktig

Før ein inseminerer ei hoppe, vert det gjennomført ei ultralydundersøking for å fastsette kvar i brunstsyklusen ho er. Ved normalt god kvalitet kan sæden til hingsten leve i livmora i inntil 48 timar etter inseminering, og ein treng difor ikkje å inseminere akkurat når hoppa har eggløysing. Når ein ser på ultralyd at hoppa kjem til å ha eggløysing i nær framtid, eller akkurat har hatt det, vert sæden lagt inn i livmora til hoppa.

Ved bruk av frosen sæd må ein vere mykje meir nøyaktig med tidspunkt for inseminering, då sæd som har vore fryst ikkje lev like lenge som fersk sæd etter den vert tina. Frosen sæd vert difor meir som eit supplement til fersk sæd, då det krev mykje meir av veterinæren for å treffe med inseminering på korrekt tidspunkt.

«Sjølve insemineringa, det å legge sæd inn i livmora, er ein relativt enkel prosess» seier veterinær Caroline S. Haadem. «Det som er vanskeleg er å treffe med korrekt tidspunkt for inseminering, slik at hoppa kan bli drektig. Dette krev ein dyktig veterinær, spesielt dersom ein skal inseminere med frosen sæd» seier ho.

Riktig insemineringstidspunkt er avgjerande for at hoppa skal bli drektig.

Brunst

Hesten har ein brunstsyklus på mellom 18-24 dagar, der 21 dagar vert rekna som det mest normale intervallet. Sjølve brunsten varer i 5-7 dagar, og eggløysinga skjer i løpet av dei to siste døgna i brunsten. Det er då hoppa kan bli drektig, sjølv om mange hopper står for hingst tidlegare i brunsten også.   

I Noreg har hoppene brunst i den delen av året det er lyst og varmt i vêret. Ofte har hoppene svake og uregelmessige brunstar tidleg på våren, medan brunstane kjem meir regelbundne og er sterkare om sommaren.

Ofte kan ein sjå på hoppa at ho er brunstig ved at ho løftar på halen, skvettar, er hoven i kjønnsleppene og har litt raudare slimhinner enn vanleg. Hos nokre hopper er det lett å sjå brunst, medan andre hopper ikkje viser tydeleg brunst med mindre dei er i nærleiken av ein hingst. Hopper kan også vise teikn brunst utan at dei faktisk er brunstige, for eksempel når dei vert sett saman med nye hestar.  Nokre hopper kan også stå for hingst sjølv om dei ikkje har brunst.

Denne hoppa viser tydeleg brunst når ho vert sleppt saman med hingsten. Ho løftar på halen og skvettar.

Følbrunst

Den første brunsten etter hoppa har følla vert kalla følbrunst. Den kjem normalt ca 10 dagar etter følling. Det går an å bedekke hoppa på følbrunsten, men dette bør ein berre gjere dersom alt har gått bra under føllinga og hoppa har gjort seg rein i etterkant. Dersom det har vore komplikasjonar under følling, bør ein bruke følbrunsten til å behandle merra. Ein følbrunst som kjem for tidleg etter følling er heller ikkje egna til bedekking. Dersom det har vore komplikasjonar under føllinga kan skylling av livmora og innlegging av antibiotika vere aktuelt i nokre til feller, slik at livmora er i fin forfatning til neste brunst.

Undersøking av hoppa i forkant

Alle hopper som vert inseminert vert undersøkt i forkant. Dette kan det vere lurt å gjere også når ein skal bedekke på den naturlege måten.

Ved å ta ei gynekologisk undersøking vil ein kunne oppdage faktorar som kan gjere det vanskeleg å få hoppa drektig. Ei gynekologisk undersøking består av både ytre og indre inspeksjon. Veterinæren ser etter om vulva, vagina og livmorhalsen ser normal ut. Oppdagar ein avvik, kan ein ta vidare prøver.

Under ei brunstundersøking ser veterinæren på livmor og eggstokkar på eit ultralydapparat. Her kan veterinæren sjå det dersom hoppa har eit egg som er klart til å bli sleppt frå eggleiarane og ned i livmora, og ein kan også kontrollere at hoppa har hatt eggløysing.

Kontrollar etter paring

Det er også naudsynt å undersøke hoppa etter ho har vorte para. Dei fleste sjekkar for drektigheit via ultralyd, men å undersøke om hoppa faktisk har hatt eggløysing når ho har blitt para kan vere lurt. Som sagt kan nokre hopper stå for hingst utan at dei har ekte brunst, eller dei kan vere brunstige utan at egget lausnar og vandrar ned i livmora.

På hest kan ein sjekke for drektigheit mykje tidlegare enn hos andre artar. Allereie frå dag 14 etter befruktning kan ein sjå om hoppa er drektig, og det gjer at ein kan planlegge ei ny bedekning på neste brunst dersom hoppa ikkje har tatt seg.

På hest kan ein sjå drektigheit allereie 14 dagar etter befruktning. Her ser du eit ultralydbilete frå ein drektigheitskontroll av ei hoppe som viste seg å vere drektig.

Den mest vanlege grunnen til at hoppa aborterer eller kastar er tvillingdrektigheit. Tvillingar er ikkje ynskjeleg på hest, då det veldig sjeldan fører til at begge føla lever og veks opp. Ved drektigheitsundersøking på dag 14 har ein høve til å gå inn og fjerne det eine fosteret dersom ein oppdagar tvillingar. Dette er det enklast å gjere før fosterblæra fikserer seg på dag 16-17 i drektigheita.

Dersom hoppa er konstatert drektig på ein tidleg ultralyd, bør ein ta ein ny kontroll på dag 40-45 i drektigheita. Rundt dag 35 i drektigheita vert det kontakt mellom fosterblæra og slimhinna i livmora, og etter at dette har skjedd er det mindre sannsynleg at hoppa mister følet. Er hoppa drektig på dag 40, vil ho mest sannsynleg bære fram eit levande føl.

For mange er det også aktuelt å ta ein tredje drektigheitskontroll rundt 90 dagar. Nokre hingstehaldarar har ei todelt springavgift der den andre delen vert betalt dersom hoppa er drektig på 90 dagar. Dette er ikkje vanleg på fjordhest, men mange andre raser praktiserer dette. Nokre forsikringsselskap krev også ein drektigheitsattest etter 90 dagar for å få forsikre fosteret.

«Det er ingen risiko for fosteret ved å gjennomføre fleire drektigheitsundersøkingar, då ultralyd skjer gjennom endetarmen og ein ikkje er inne i livmora.»

Caroline S. Haadem, veterinær ved NMBU

Veterinær Haadem oppmodar alle hoppeeigarar til å gjennomføre drektigheitsundersøkingar på dei nemnde tidspunkta. «Det er viktig både å undersøke for tvillingdrektigheit, samt å vite at hoppa er drektig slik at ein kan gi ho korrekt fôring og anna oppfølging» seier ho. «Det er ingen risiko for fosteret ved å gjennomføre fleire drektigheitsundersøkingar, då ultralyd skjer gjennom endetarmen og ein ikkje er inne i livmora» legg ho til.

Hingstehaldar treng informasjon

Kva slags opplegg hingstehaldar har for oppfølging av hoppene som besøker hingsten kan ha mykje å sei for om hoppa blir drektig. I fjordhestavlen finns det hingstehaldarar som har halde på med dette i mange år, og som sit på store mengder kunnskap om avl. Nokre hingstehaldarar er ferskare i faget, men alle har eit ynskje om at flest mogleg av hoppene som besøker hingsten skal få føl.

«Som hoppeeigar er det viktig å informere hingstehaldaren om hoppa du kjem med» seier veterinær Tore Kvam, spesialrådgjevar ved Norsk Hestesenter. «Hingstehaldaren må vite om det dersom hoppa har hatt utfordringar knytt til bedekning og drektigheit tidlegare, for å kunne følgje opp hoppa på ein god måte» legg han til.

«Hingstehaldaren må vite om det dersom hoppa har hatt utfordringar knytt til bedekning og drektigheit tidlegare, for å kunne følgje opp hoppa på ein god måte.»

Tore Kvam, Norsk Hestesenter

Kvam fortel at det er mange situasjonar som gjer at ei hoppe har vanskelegare for å ta føl, og dette bør hingstehaldar vite om. Alder, og om hoppa har hatt føl tidlegare speler inn. Har hoppa tidlegare hatt problem med å bli drektig? Har ho vorte undersøkt i den samanheng, og kva fann ein eventuelt på dei undersøkingane?

Dersom hoppa har føl ved fot, er det nyttig å vite om føllinga var ukomplisert. Gjorde hoppa seg rein i ettertid, og har ho hatt normale brunstar etter følling? Dersom hoppa ikkje har føl ved fot er det nyttig å vite om ho vart bedekt året før men ikkje tok seg, eller om ho ikkje var bedekt.

«Det er mykje enklare for hingstehaldar å følgje opp hoppa på ein god måte dersom dei har god informasjon om ho» seier Kvam. «Nokre hingstehaldarar deler ut eit skjema der hoppeeigarane må fylle ut slik informasjon, men dersom det ikkje vert gjort bør du likevel dette med hingstehaldar» seier han.

Oppfølging av hoppene er viktig

Haadem understreker viktigheita av å følgje opp hoppa godt i bedekningsprosessen. «Dersom ein som hoppeeigar har oversikt over brunstsyklusen til hoppa, og undersøker ho for både brunst, eggløysing og drektigheit, vil ein ha ein mykje større sjanse for at bedekninga ender med føl» seier ho.

«Dersom ein berre leverer hoppa til hingst, utan å følgje ho opp verken i forkant eller etterkant, kan ein ikkje bli overraska dersom ho ikkje får føl» seier Haadem. «Alle som har hoppa si til hingst ynskjer jo at det skal resultere i eit friskt føl, og dei tinga ein kan gjere for å auke sjansen for dette er ikkje veldig krevjande eller kompliserte.»

Alle som bedekker hoppa si ynskjer å få eit velskapt føl året etterpå.