Skeid – reglement og arrangørinfo

Det har over ei lang periode vorte arbeidd med standardisering av signaturaktiviteten Skeid. Viktige bidragsytarar har vore dei enkelte lokallaga som tidleg byrja å arrangere Skeid i sine lokalområder og som har vore med på å forme Skeid slik det framstår no.

Skeid er dei nasjonale hesterasane sin sport og er utvikla spesielt for desse. Kaldt hovud og varmt hjarte er rasane sitt motto, og Skeid er tenkt for å skulle vise fram nettopp dette. Tanken er at dei øvingane som inngår i Skeid skal vere med på å dokumentere rasene si brukarvenlegheit til ulike aktivitetar, i tillegg til å vere ein konkurranseform i seg sjølv.

Vi håper at alle som har arrangert eller arrangerar Skeid kan vere aktive deltakarar i ei kontinulerleg forbetring av Skeid-arrangementa. Det trengs innsats for å sikre ei vellukka gjennomføring av og framtid for Skeid. Vi håper at lokallaga ser verdien i å arrangere Skeid for hesteeigarar i nærområda, og at de er med oss på vegen vidare.

I margen til høgre finn du lenkje til dei nye nettsidene for Skeid. Der finn du mellom anna reglement, dømeskjema og forklaringar til desse, samt ei rettleiing til  Skeid-arrangørar. Lukke til med Skeid!

Frå Skeid på NM for fjordhest på Voss i 2012. Foto: S. Ulvund

 

Meir informasjon om Skeid:

Nettsidene for Skeid
Her finn du mellom anna reglement og dømmeskjema

Kva er Skeid?

Skeid – ein sport skreddarsydd for dei nasjonale hesterasane
Artikkel på Fjordhestportalen