Informasjonsbrevet vedrørande forslag til nytt bruksprøvesystem har no gått ut til hingsteeigarane, og som høyringsskriv til laga.

Dette er eit forslag, utarbeida med bakgrunn i diskusjon ved avvikling av UB, gruppearbeid på Haustmøtet 2013, arbeid i rasespesifikke grupper sett saman av tilltsvalde, dommarar og personar med erfaring frå UB og arbeid i fellesgruppe leia av Inge Kringeland (avlsrådet NHS). No håper me laga vil kome med innspel! Det er ikkje foreslått nokre store endringar på greinar eller eigenskapar for nokon av rasane. Det kom heilt tydeleg fram i gruppearbeidet på Haustmøtet at fjordhesten framleis skal vere ein allsidig råtass av ein køyre- og ridehest.

Høyringsfristen er sett til 15.02.14 og alle innspel sendast til elin.furrevik@nhest.no. Det er beklageleg at fristen er kort, då dei første hingstane skal testast allereie i april.

Styret