Noreg si truleg største samling av fjordhestføl vart presentert i Fjordhestens Mekka; Nordfjordeid, den 2. november.
Over halvparten av føla er heimehøyrande i Nordfjord, og flest av desse i Eid, men det kom òg føl frå Sykkylven i nord til Kvinnherad i sør. Kvaliteten var uvanleg høg, spesielt på hoppeføla. Eid Fjordhestlag delte ut rosa sløyfer til hoppeføla og blå til hingsteføla, og sponsa samtidig Rosa Sløyfe-aksjonen med 130 kr. per føl. Brystkreftforeininga Nordfjord hadde stand på sjået, og ein fekk på ein annleis måte sett søkelyset på fleire viktige saker denne dagen.

Eid Fjordhestlag hadde lagt mykje arbeid i å invitere føl i nærområdet og i ikkje fullt like nære område til samlinga. Å ferdast ved Norsk Fjordhestsenter denne søndagen ga ei kjensle lik den ein hugsar frå tidlegare tider, då det krydde av unghest på eit unghestskue: fleirfoldige små og store føl som blei leidde rundt av spente og entusiastiske eigarar, folk som kika, spekulerte og diskuterte, rista på hovudet og kom med anerkjennande blikk. Kiosk, kaker og kaffi. Forventning og spenning. Drøsen blant hestefolk og leiken blant ungane. Akkurat slik vi ønskjer at det skal vere der fjordhest og fjordhestfolk møtest, slik var det på Norsk Fjordhestsenter denne søndagen.

Føla får poeng på ein skala frå 4 til 10. Poenga i resultata står for:

• Rasetype og preg
• Kroppsbygnad og muskulatur
• Beinkvalitet/beinstilling
• Rørsler
• Heilskap