Møte: 07/15
Tid: Fredag 10. juli kl 1200
Stad: Stav, Gudbrandsdalen
Tilstade:
Janne Seilen, Anne Karin Løken, Vidar Heggheim, Kai Stein,
Knut Thunheim, Jenny Johnsen, frå adm. Asle Espe
Saker til orientering
etter førre møte :
– Prosjekt Kvalitetshest
– Genbank for nasjonale hesteraser
– Skeid
– Fjordhestøl
– Nettbutikken
– Nettsida
– Representantskapsmøte NHS og møte 15. juni om innavlsprogram, orientering ved Katrine Haugaard
– Generalforsamling NFHS
– Hingsteutstillinga 2015
Sak 53/15: |
Godkjenning referat møte 06/15. Vedtak: Referat frå møte 06/15 godkjent. |
Sak 54/15: |
Val av representant i arbeidsgruppe oppretta av LMD, som skal vurdere arbeidet med bevaring av norske hesteraser. Vedtak: Leiar representerer NFL i gruppa. Nestleiar er vara. |
Sak 55/15: |
Revidering av avlsplan 2016. Vedtak: Avlsutvalet utarbeidar fullstendig plan for revideringsarbeidet og involverer tidlegare arbeidsgruppe i arbeidet. Styret får planen for arbeidet i hende i god tid før neste styremøte. |
Sak 56/15: |
Søknad om utbetaling av fellesmidlar i anledning Oslo Horse Show Vedtak: Styret nyttar kr.15.000 av fellesmidlane til marknadsføring av Fjordhesten i forbindelse med Oslo Horse Show 2015 i samarbeid med Landslaget for Dølahest og Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest. |
Sak 57/15: |
Bruk av avlsmidlar 2015 og disponible fellesmidlar Vedtak: Avlsmidlar vert fordelt når ein har oversikt over tal bedekningar for 2015. Avlsutvalet kjem med framlegg til bruken og styret tek saka opp til handsaming i eit seinare styremøte. Bruken av fellesmidlane må drøftast i samarbeid med dei to andre nasjonale raseorganisasjonane. |
Sak 58/15 |
Styret sitt arbeid Evaluering av styret sitt arbeid.Vedtak: Evalueringa av styret sitt arbeid blir teken til etterretning. |
Sak 59/15 |
Prosjekt det kan søkjast om midlar til frå norsk-svenske forskingssamarbeidet i lag med andre. Vedtak: Saka vert utsett til neste møte. |
Sak 60/15 |
Haustmøte 2015 – innspel til programmet på fellesdel og rasespesifikk del Vedtak: Innspela frå styremøtet blir tatt vidare inn i arbeidsgruppa. |
Sak 61/15 |
Søknad frå Ørsta og Volda Fjordhestlag om sponsing i høve kombinert utstilling 29. august Vedtak: Norges Fjordhestlag er positive til at arrangørar markerer eit ¬90-års jubileum. Styret viser til tidlegare vedtak om at ein ikkje har høve til å sponse slike arrangement. |
Sak 62/15 |
Vidare samarbeid med Norsk Fjordhestsenter Vedtak: Norges Fjordhestlag er positive til eit tett samarbeid med Norsk Fjordhestsenter og sender notat til styreleiar om organiseringa/fordeling av arbeidsoppgåver. |
Sak 63/15 |
Carnet til deltakarar under Nordisk Meisterskap for Fjordhest 2015 Vedtak : Norges Fjordhestlag dekkjer kostnaden på om lag kr. 5000,- med carnet for deltakarane på arrangementet. |
Sak 64/15 |
Handtering av nyimporterte hingstar og godkjenning av tidlegare bruksprøver frå heimlandet Vedtak: Importerte hingstar førstegongs kåra i Norge skal handterast på same måte som norske hingstar og gjennomføre utvida bruksprøver året etter, med mindre det kan leggast fram dokumentasjon på at hingsten har gjennomgått og bestått identiske prøver i heimlandet. |
Sak 65/15 |
Samarbeid mellom Norges Fjordhestlag og NM-arrangør Vedtak: Norges Fjordhestlag meiner det må være eit tett samarbeid mellom NFL og NM-arrangør, og ønskjer at aktivitetsutvalet skal ha dette som ei av sine faste oppgåver. Styret imøteser oppsummering frå årets arrangør på Stav. |
referent
Asle Espe