Årets EM for fjordhest går av stabelen 4,-7, august ved Vilhelmsborg i Århus. Stevneinvitasjonen finn ein blant anna på www.fjordhest.dk. Påmeldingsfristen er sett til 15.mai 2016. Aktivitetsutvalet beklager noko sein informasjon.

For å kvalifisere seg til senior EM 2016 individuelt må ekvipasjane:

  • I dressur oppnå minst 55% i klassen MC eller høgare, to gongar enten ved distriktsstevne eller landsstevne. Ponniprogramma kan ridast utanfor konkurranse men for minst DD2 dommar. Protokoll skal då kopierast/scannast og leggast ved.
  • I sprang gjennomføre 2 grunnomgongar 1,00 m- hopping med maks 12 feilpoeng til saman.
  • I køyring ha gjennomført DMP middels. Med gjennomført meinar ein ikkje eliminert i nokon av greinene, samt dressur til over 55%.
  • I allround er oppnådde 50% i LA, godkjent grunnomgang i 80 cm og gjennomført godkjent grunnomgang i middels presisjon, ved distriktsstevne eller høgare.

 

For å kvalifisere seg til Junior EM 2016 individuelt må ekvipasjene:

  • I dressur oppnå minst 50% i LA.
  • I sprang gjennomføre to grunnomgongar 90 cm- hopping med maks 8 feil til saman.

 

Når det gjeld kva klasser som inngår i lagkonkurransen, så har vi ikkje fått opplysninger frå arrangør om det enno. Vi vil kome med informasjon om dette så snart det er kjent.
Alle resultat må vere oppnådd i perioda 1.  januar 2015 – 1. august 2016.
Seriøse ekvipasjer som ynskjer å reise må sende mail til aktivitet@fjordhest.no med foreløbige resultater innan kort tid. Då får vi ei formeining om kor mange som har tenkt å reise og ev sette desse i kontakt med kvarandre (dersom ynskjeleg) mtp planlegging av bla transport. Aktivitetsutvalget tek ut ekvipasjer til dei ulike lag på grunnlag av resultat og ei samla fagleg vurdering. Aktivitetsutvalget sender anmeldelsane til ekvipasjer som fyller kvalifiseringskrav til arrangør. Dersom det manglar kvalifiserte ryttera for å stille lag, kan ekvipasjer med svakare resultat verte vurdert.

 

FEI sine vaksinasjonskrav gjel i Danmark, dvs at hesten skal vere grunnvaksinert for influensa (på same måte som i Norge), men den siste vaksina kan ikkje vere eldre enn 6 mnd. Det betyr at ved start i Danmark må vaksina vere nyare enn 6 mnd og eldre enn ei veke (vanleg startkarantene)

Har du spørsmål, kontakt aktivitetsutvalet på epost eller Hanne Jørstad Svendsgard på bernhart@hotmail.no.

 

Lykke til!