I dag har Norges Fjordhestlag halde årsmøte, og det har vorte vald inn eit nytt styremedlem.

Lisbeth Strandum er 36 år og bur på Hønefoss. Ho har halde på med hest i ca 25 år, og vart tidleg på nittitalet introdusert for fjordhesten. Ho har fjordhesten Borgvinn på 24 år, som ho har konkurrert mykje med. Blant anna har dei tatt sølv i NM senior. Lisbeth har vore leiar for Nedre Buskerud Fjordhestlag frå 2011-2015, og har vore veldig interessert i bruk og avl av fjordhest heilt sidan ho vart kjent med rasen.

Vi ynskjer Lisbeth velkommen inn i styret, og ser fram til eit godt samarbeid.