Kvart år deler Norges Fjordhestlag ut pris til årets beste oppdrettar og årets beste utstillar. Basert på data frå Norsk Hestesenter vert det gitt poeng ut i frå hestane ein eig eller har oppdretta si oppnådde premiegrad på utstilling. Ein får ekstra poeng dersom ein hest står i kvalitet. Nokre prestasjonar gir fleire poeng enn andre, for eksempel heng førstepremiar på båre merr og hingst, samt oppnådd «elite» på avkomsvurdering høgt. Ein får òg poeng for vinnar i meisterskapa på NM og BUF (Beste unge fjordhest).

I år gjekk både prisen for beste oppdrettar og beste utstillar til Kamilla og Kristine Myklebust frå Ørsta. Det er far deira, Kåre Henning Myklebust, som tek seg av det meste av trening i forkant og mønstring under utstilling, og han mottok prisen på utstillingsmiddagen under årets hingsteutstilling.

Kåre Henning Myklebust tok i mot prisen for årets utstillar og årets oppdrettar under middagen på hingsteutstillinga. Her saman med leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen.

 

Oppdrettar- og utstillarprisen er til for å gjere stas på grasrota – det er kanskje dei som gjer den aller viktigaste jobben for fjordhesten. Vi takkar alle som har avla og stilt ut fjordhest i 2015, og gratulerer Kamilla, Kristine og Kåre Henning Myklebust med oppdrettar- og utstillarprisen.

 

Blant hestane Kamilla, Kristine og Kåre Henning har oppdretta og stilt ut i 2015 finn me Kamillas Tord, som fekk 2. premie og sto som nummer to i kvalitet på hingsteutstillinga på Nordfjordeid.