2015 var det året det blei god auke med 245 bedekte hopper samanlikna med 2014. Styret i Norges Fjordhestlag ønskjer å legge forholda godt til rette for 2016 for å få enda fleire fødde føl neste år og i åra framover. I tillegg til dei avlsfremjande midlane til unge hingstar og hopper, vil ein tildele fraktstønad til hoppeeigarar i dei tre nordlegaste fylka Nordland, Troms og Finnmark ved sending av fersksæd frå seminstasjonen til Norsk Fjordhestsenter. Det kan vere aktuelt å tildele stønad til hoppeeigarar andre stadar i landet og, som har stor avstand til hingst. Norges Fjordhestlag vil tilrettelegge for avl i heile landet, og ser at det i Nord Norge er det nesten ingen hingstar tilgjengelige og avstandane er svært store. Det er sett av 20 000 kr til ordninga i første omgang, og søknadsfrist er 1. oktober. Størrelse på beløp er det ikkje tatt stilling til, men vil bli vurdert etter innkomne søknadar.

På Håland i Nordland, driv Rebecca Krogh Strøm eit ridesenter med hestar av dei nasjonale hesterasane. Ho har høgt premierte hopper og hingstar av Nordlands/Lyngshest, og i tillegg eig ho to fjordhesthopper. Rebecca synest at dette er ei flott ordning som er innført, som vil gjere det meir aktuelt å avle. Ho seier ho er svært kresen når ho skal velge hingst til si hoppe, og vel aldri den næraste hingsten på grunn av at det er billegast og mest praktisk. . Rebecca vurderer å få hoppa Miranda frå Skårhaug drektig, og studerer informasjonen Norsk Fjordhestsenter har lagt ut på sine nettsider. Rebecca viser til at Nordlands/Lyngshestlaget og har ulike fraktstønadsordningar til hoppe og hingsteeigarar.

Det er avlsstasjonar i Harstad, Bodø og Tromsø, og dei har god kompetanse på reproduksjon av hest. Andre stadar er ein avhengig av at veterinæren kjem og inseminerer på stallen, og det er difor viktig å avtale i god tid om ein planlegg å inseminere hoppa si. Det er fleire hoppeeigarar i området som har vurdert å køyre sørover med hoppene sine til slepp med hingst, men med ei slik fraktstønadsordning kan sending av fersksæd vere like aktuelt. Det blir spennande å sjå kor mange fleire føl det blir i områda, som kan nytte seg av ei slik ordning.

rebecca krog strøm