Årets Haustmøte for fjordhesten vert arrangert 21.-23. oktober på Nordfjordeid.

Vi har dei siste åra hatt felles Haustmøte med dølahesten og nordlands-/lyngshesten, men i fellesskap har vi kome fram til at vi held Haustmøte kvar for oss i år.

Ynskjer du å bidra med gode innspel til tema/innlegg som kunne vore interessante? Dette kan vere både teoretiske og praktiske innslag.
Send oss ein epost snarast til vinjevollmadsi@gmail.com

Me gler oss!