Skrevet av Inger Grønntun

Jordbruksskulen på Mo i Førde er fylt opp av vakre fjordhestar, som i løpet av veka skal konkurrere om gjeve titlar. I løpet av gårsdagen kom hestane på plass, og stallgongane vart fylde med utstyr, fôr, og glade hestefolk. Over hundre fjordhestar skin om kapp, og stolte eigarar, ryttarar, kuskar, familiar og hestepassarar gjer sitt beste for at dyra skal ha det bra. I går stod hestane i lang kø for å sleppe til på veterinærkontrollen, og om kvelden var det opningsseremoni.

Foto: Inger Grønntun

Foto: Astrid Marie Årdal

Det er litt av eit syn når meir enn hundre fjordhestar går i lang rekke rundt travbana på Mo, og seinare stiller opp i samla flokk inne på den store grusbana. Høge fjell, grønt gras og den vakre Huldefossen, lagar ei magisk ramme rundt det heile. Vi er i fjordhesten sitt rike, og stemninga er til å ta og føle på. Fyrst i rekka går den aller fyrste gullmedaljevinnaren i Fjordhest-NM si historie, Trude Ullaland frå Naustdal. Det er nokre år no sidan ho har vore på hesteryggen, men Trude har slettes ikkje gløymt gamle kunstar, og smilar frå øyre til øyre. I 1986 var det hesten Kvikka ho vann med, i den aller fyrste nasjonale meisterskapen for fjordhest, som fann stad nettopp i Førde.

Med i rekka er også kusk Gunnar Bruland og merra Marikken, med prominente gjestar i vogna: Førde-ordførar Olve Grotle, rektor ved Mo og Øyrane vidaregåande skule Liv Horvei, og leiar i Norges Fjordhestlag Janne Seilen. Alle dei tre seier nokre velvalde ord, etter at det lange, blakke toget har stilt opp på plassen. Stemneleiar Harald Løtuft kjem i eiga vogn, med både dotter og barnebarn som passasjerar, og han har også nokre ord på hjartet til hestefolket. Med i fylgjet er også fine bunadskledde jenter med flagg, samt sjølvsagt alle stemnedeltakarane. Dei fleste rir, nokre køyrer vogn, og andre leier hestane. Blant dei som er med finn vi også fleire vakre hingstar, som briskar seg og gjer seg fine….

 

Foto: Astrid Marie Årdal

Foto: Astrid Marie Årdal

Med opninga vel overstått i går, var det klart for alvoret i dag. Tre dressurklassar blei gjennomført i løpet av dagen: Lett C, Lett B, og Lett A. Alle klassane hadde svært mange deltakarar, som gjennomførte med fin stil. Det er ein fryd å sjå så mange velstelte og blankpussa fjordhestar på ein gong. Vêret var varierande, slik vi er vande med her på Vestlandet. I den eine augneblinken skein sola, i den neste bøtta det ned med stritt regn. Nokre av ekvipasjane vart klissblaute frå topp til tå, men det såg ikkje ut til å legge nokon stor dempar på humøret. Det var mange glade smil å sjå overalt, og dagen vart avslutta med premieseremoni. I morgon er det klart for meir dressurriding, samt dressurkøyring. Vi gler oss til fortsettinga på eventyret!

 

Stine Anette, foto: Foto: Inger Grønntun

Stine Anette, foto: Foto: Inger Grønntun