Europameisterskapen for fjordhest vert i år arrangert i Vilhelmsborg i Danmark, og den har byrja bra for dei norske deltakarane.

Torsdag fekk Ida-Elin Røstad Sunde og Kuling ein 4. plass i første avdeling av dressur EM senior, Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina fekk ein delt 5. plass i første avdeling av sprang EM senior. I tillegg var det jamt over gode resultat frå dei norske både i køyring og allround.

Fredag har vore ein fantastisk norsk dag i Danmark, spesielt i andre runde av EM sprang. Trine Lillestøl Paulsen og Fannemels Argon vann klassa, Karin Kleppe og Merinas Emil vart nummer 5 og Mette Lothe og Heimlunds Lieroy nummer 6. Annike Mikkelsen og Blåtopps Aron vart nummer to i sprangklassa som inngår i EM allround. Eit lite skår i gleda er at Tord, som med kusk Merete Louise Sandem var køyreekvipasja på Noregs førstelag, har brutt EM på grunn av haltheit.

IMG_13521

Ida Elin Røstad Sunde og Kuling fekk 2. plass i andre avdeling av EM dressur

 

IMG_13511framside

Mette og Lieroy, Trine og Argon og Karin og Emil feirar gode resultat i sprang

IMG_13361

Annike Mikkelsen og Blåtopps Aron vart nummer to i sprangen som inngår i EM allround

Tusen takk til Aina Huseby for rapport og bilete frå EM!