Tekst: Anne-Karin Løken
Foto: Heidi Bergsund

Mot alle odds var det fjordingen Herkules som vann i underhaldningsklassa under Kingsland Oslo Horse Show i Telenor Arena laurdag kveld. Fire spranghestar og comeback-ryttarar i duell mot fire vaskeekte fjordhestar med Worldcup-ryttarar på ryggen – meir spektakulær oppvisning har fjordhest-Norge aldri sett. Eller resten av heste-Norge, for den del. Stemninga i Telenor Arena var elektrisk når fjordhestane sette inn høgste gir for å kome gjennom den ein meter høge sprangbana på kortast mogeleg tid. Feilfritt og raskt leverte dei imponerande prestasjonar til stor jubel frå publikum. Dei langbeinte spranghestane leverte, men Herkules var overlegen i omhoppinga og gjekk av med sigeren.

«I don’t need good luck when I have such a good horse»
                                                                                     Worldcup-ryttar på fjordhest

Foto: Heidi Bergsund

Foto: Heidi Bergsund

Comeback- og Worldcup-ryttarar
«Comeback-ryttarane» starta under det første Oslo Horse Show for 25 år sidan, og fekk æra av å ri elitehestane mot dagens Worldcup-ryttarar på fjordhestar. Publikum tenkte nok innleiingsvis at det kom til å bli ei enkel sak for dei langbeinte spranghestane i denne konkurransen. Desto meir øyredøyvande var jubelbruset då det var klart at lys brunblakke Herkules, med den nederlandske OL-ryttaren Maikel van der Vleuten i salen, tok innersvingen på dei varmblodige konkurrentane.

Imponerande marknadsføring
Meir imponerande marknadsføring av fjordhesten har vel heste-Norge knapt sett. Til slutt viste resultata at fjordhestane tok første-, tredje-, fjerde- og femteplassen. Norges Fjordhestlag takkar initiativtakar Cassandre Bach-Gansmo og samarbeidspart Lene Kragh, som har gjort eit stort arbeid for å få til dette innslaget. Ikkje minst rettar vi ei varm takk til eigarane til Ryttergaardens Herkules, Fannemels Argon, Heimlunds Lieroy og Jason Lundgård: Ingrid Modalen, Trine Paulsen, Mette Lote og familien Dahl-Kristansen.

HER og HER kan du sjå video frå konkurransa.

Foto: Heidi Bergsund

Foto: Heidi Bergsund

Foto: Heidi Bergsund

Foto: Heidi Bergsund