Gjer deg klar for ei fantastisk fjordhestveke neste sommar! Arrangørar for neste års NM og Nordisk for fjorhest er klare, og me håper på stort oppmøte frå både inn- og utland.

Nordisk for fjordhest vil verte arrangert av Borge Rideklubb og Østfold Fjordhestlag på Frederiksborg Hestesportsenter 27.- 30. juli.

Frederiksborg Hestesportsenter ligg mellom Fredrikstad sentrum og E6, ein times køyring frå Oslo og ein halvtime frå svenskegrensa. Senteret har 20x60m ridehall og to store utebaner. Borge Rideklubb har erfaring i å arrangere store stemner, og har blant anna arrangert NM i dressur i 2013. Under stemnet vil dei arrangere dei klassene som står i stattutane for nordisk, men ingen opne klasser i tillegg.

Det vil verte mogleg å campe på anlegget, og det er også mange andre overnattingsmoglegheiter då senteret ligg sentralt plassert melom Fredrikstad og Sarpsborg.

borge2 borge1

Like etter og rett ved vil NM for fjordhest verte arrangert av Askim Rideklubb 31. juli – 6. august.

Askim Rideklubb har eit stort, flott anlegg frå 2013. Her finn me blant anna stall, ridehus på 22x70m, to store utandørs grasbaner, travspor og ridesti. I samband med NM for fjordhest har dei også lånt ei stor grusbane og maratontrasé for å arrangere køyreklassene.

askim2 askim1

NM og Nordisk for fjordhest er store arrangement som det krev mykje jobb å arrangere. Norges Fjordhestlag er svært nøgde med å ha fått arrangørar for 2017, og vi gler oss til ein skikkelig fjordhestfest på austlandet. Vi håper mange kjem til NM og Nordisk 2017 for å vise fram og heie på dei flotte fjordhestane våre!

Meir info om arrangementa vil verte lagt ut på Fjordhestportalen fortløpande.

Oppdatering!
Det er også tildelt NM for 2018. Det vil foregå på Stord Hestesportsenter, i regi av Stord Hestesportslag. Vi vil kome tilbake med dato så fort det er bestemt. Stord Hestesportsenter har to ridehallar og to store utebaner, stallar med plass til 73 hestar samt selskapslokale. Dei ser fram til å arrangere eit fantastisk NM i 2018.