Norges Fjordhestlag ynskjer aktive lokallag og har difor laga ei verktøykasse med hjelpemiddel og idear for å stimulere til meir aktivitet.

Norges Fjordhestlag har om lag 40 lokallag over heile landet. Lokallaga jobbar ulikt; nokre har mest fokus på sport og stemner, andre driv med lagshingstehald, nokre har fokus på unghest og nokre har mest ikkje aktivitet i det heile. Det er stor variasjon i aldersspreiing, og ut i frå interesser og alder har lokallaga ulike behov.

189740_10150094853077680_2346565_nLokallaga er særs viktige for Norges Fjordhestlag. Mykje av det aller viktigaste arbeidet skjer på grasrota – det er ein viktig arena for rekruttering der ein kan få nye folk til å vere med og jobbe for fjordhesten i framtida. Aktivitetar i lokallaga er på mange måtar ein motor i arbeidet til NFL, og der ser ein stor innsats frå engasjerte eldsjeler.

Det er mange utfordringar knytt til arbeid i lokallaga, blant anna kan det vere vanskeleg å finne personar som ynskjer å ta på seg tunge verv. På landsbasis ser ein ei trend der talet på personar som arbeider friviljug går ned, medan talet på timar den enkelte jobbar aukar. Det vert altså meir jobb på kvar enkelt, og når ein har med eldsjeler å gjere er det viktig å syte for at elden ikkje sloknar. Ein må få med fleire personar i lokallagsarbeidet, og passe på å bruke folk der dei har sine største styrker og interesser.

Etter NFL sitt årsmøte under hingsteutstillinga på Nordfjordeid i mai vart det halde ei idémyldring med fokus på aktivitet i lokallaga. NFL ynskjer å ha ein dialog med lokallaga slik at ein kan samarbeide og gjere kvarandre gode, og under idémyldringa fekk styret mange gode innspel til korleis ein kan gjere lokallagsarbeidet betre. Med dette som utgangspunkt har styret laga  «Verktøykassa for lokallag».

Formålet med Verktøykassa er å gje laga verktøy for å drive enkelt organisasjonsarbeid, samt å stimulere til meir aktivitet ved å gje laga gode døme på aktivitetar dei kan få i stand i sine lag. Kontaktpersonar for kvar aktivitet gjer det enklare å finne meir informasjon, og det vi også gjere det enklare og senke terskelen for å sette i gong nye aktivitetar og arrangement.

10392180_146169957679_2609744_nVerktøykassa består av seks kapittel med ulikt fokus, men dette skal ikkje vere eit statisk dokument. Den vil verte oppdatert med nye idear og aktivitetar kontinuerleg, og laga kan enkelt finne og laste ned alle nye dokument på Fjordhestportalen.

Aktivitetane som er foreslått i Verktøykassa er blant anna turdag, open stall, utstillingssamling, uoffisiell utstilling, lagshingstehald, hingsteslepp, cup for nasjonale hesteraser, meisterskapstrening og orienteringsritt. Å samarbeide med andre lag og organisasjonar når det er aktivitetar der ein bur er også ein fin måte å få vist fram både laget sitt og fjordhesten. Det er ikkje så viktig kva ein gjer, berre ein gjer noko!

Styret i Norges Fjordhestlag håper at Verktøykassa kan vere til hjelp og nytte for lokallaga, og at ein ved å ha fokus på lokallagsarbeid kan auke engasjementet for fjordhesten i avl og bruk over heile landet.

 

 

Har du tips til aktivitetar som kan vere med som forslag i Verktøykassa, eller skal lokallaget ditt arrangere ein spennande aktivitet som vi kan skrive om på Fjordhestportalen? Ta kontakt på post@fjordhest.no eller bruk kontaktskjemaet vårt.