Aktivitetsutvalet i Norges Fjordhestlag har lagt fram eit forslag til endringar i NM-statuttane. Dei nye statuttane skal gjelde frå og med neste års Noregsmeisterskap.

Alle dei tre særnorske rasane har eigne Noregsmeisterskap, men det er berre fjordhesten som har sine statuttar som ein del av Norges Rytterforbund sitt reglement. Statuttane kan reviderast annakvart år, og aktivitetsutvalet har etter å ha lytta til tilbakemeldingar frå mellom anna deltakarar og teknisk personell kome fram til forslag til endringar. Aktivitetsutvalet både håper og trur at dei nye statuttane vil kome både hestar og deltakarar til gode, og at dei vil føre til eit betre, kjekkare og meir rettferdig NM.

emilDen største endringa som er foreslått er for greinmeisterskapen i sprang. Avdeling to har i fleire år gått i 1 meter, det vert no foreslått å senke hindera til 90 cm, men å halde fram med vanskegrad på LA-nivå. Avdeling ein vert foreslått flytta til dag 4 av NM, slik at greinmeisterskapen går over to dagar. Det vert også foreslått å innføre høgare kvalifiseringskrav. Aktivitetsutvalet håper at desse endringane vil føre til fleire startande i greinmeisterskapen. Det er ikkje foreslått endringar som påverker greinmeisterskapen i køyring, og i greinmeisterskapen i dressur vert det berre foreslått små endringar. Kvalifiseringskrava er der høgna noko, men i praksis vil ikkje dette ha stort å seie sidan det allereie er eit høgt nivå på dei startande. Dressurprogrammet i avdeling ein er endra til LA:2 og programmet i trøystefinala er endra til LA:5.

I NM-klassene er det få og små endringar. Dressurprogrammet som inngår i NM for lag og NM senior vert foreslått endra til LA:2. Det er også foreslått eit auka kvalifiseringskrav i sprang for NM senior. Det same kravet er foreslått for NM junior, og der er det også foreslått å endre nivået på presisjonskøyringa frå MB til LA. Dette er på grunn av at det er innført eit auka tempokrav i presisjon, og i praksis vil dette difor verte omtrent som tidlegare.

kiraDen største endringa for BUF-klassene, klassene for Beste Unge Fjordhest, er at det vert presisert i statuttane at sprangklassene som inngår i samandraga skal vere bygd for unghestar. På grunn av at NM er eit landsstemne, har ein opplevd at det har vorte bygd baner som er for vanskelege for unghestar. Dette vil ein unngå ved å presisere dette i statuttane. Det viktigaste er at unghestane får ei god oppleving, og det er ikkje meininga at dei skal møte på vanskelege moment.

Under finn du ei liste over endringar i statuttane, samt det nye klasseoppsettet. Har du innspel til endringsforslaga? Ta kontakt med aktivitestsutvalet i Norges Fjordhestlag på e-post: aktivitet@fjordhest.no.

Kvalifiseringskrav:
* Greinmeisterskap dressur: LA til 60% to gonger (heva frå 58% ein gong)
* LA dressur tilpassast L-stemnekravet, ein må ri til 58% to gonger
* Sprangklassa i NM junior og NM senior: Ein må ha ridd ei klasse på aktuelt nivå med maks 12 feilpoeng (endra frå godkjent resultat)
* Greinmeisterskap sprang: To grunnomgongar i 0,90 m med maks 8 feil.

Dressurprogram:
* Klasse 2 LB vert endra til FEIs innledende program B for children 2014
* Klasse 3 LA vert endra til LA:2
* Klasse 4b LA (trøystefinale i greinmeisterskapen) vert endra til LA:5

NM Junior:
* Presisjonskøyring vert endra frå MB til LA på grunn av auka tempokrav
* Sprang går framleis i 0,80 m, men på LC-nivå. Det er også auka kvalifiseringskrav (sjå over).

Greinmeisterskap sprang:
* Første avdeling (0,80 m) vert arrangert på dag 4, slik at greinmeisterskapen går over to dagar.
* Andre avdeling vert endra frå 1 m til 0,90 m, men klassa går framleis på LA-nivå. Kvalifiseringskrava er auka (sjå over).

Beste Unge Fjordhest (BUF):
* 4 år: LC dressurriding (som før), LC presisjon (som før) og 0,60 m sprang (nivå LD). Det vert presisert at sprangklassa skal byggast for fireåringar.
* 5 år: LB dressurriding (som før), LB presisjon (endra frå LB maraton) og 0,70 m sprang (nivå LC). Det vert spesifisert at sprangklassa skal byggast for femåringar.
* 6 år: LA dressurriding (som før), LA presisjon (endra frå LB maraton) og 0,80 m sprang (nivå LC).

Det nye klasseoppsettet for Fjordhest-NM vil med dei foreslegne endringane sjå slik ut:

Dag 1
Klasse 1: Dressurridning LC:2 med BUF 4 års
Åpen for ekvipasjer som ikke har startet LA eller høyere eller starter klasse 3 eller 4.
Klasse 2: Dressurridning Feis innledende program B for children 2014
Med NM for Junior avd. 1 innlagt og BUF 5 års
Klasse 3: Dressurridning LA:2
Med NM for Senior avd.1, NM lag avd. 1 og Grenmesterskap for dressur avd. 1 innlagt og BUF 6 års

Dag 2
Klasse 4a: Dressurridning MC:1
Med finale i Grenmesterskap dressur innlagt
Klasse 4b: Dressurridning LA:5
Med finale/trøsteklasse for Grenmesterskapet i dressur innlagt
Klasse 5: Dressurkjøring LC
Klasse 6: Dressurkjøring LB
Klasse 7: Dressurkjøring MB
Med Grenmesterskap for kjøring avd. 1 innlagt.

Dag 3
Klasse 8: Maratonkjøring LC
Klasse 9: Maratonkjøring LB
Klasse 10: Maratonkjøring MB
Med NM for Senior avd. 2, NM lag avd. 2 og Grenmesterskap kjøring avd. 2 innlagt.

Dag 4
Klasse 11: Presisjonskjøring LC med BUF 4 års
Klasse 12: Presisjonskjøring LB med BUF 5 års
Klasse 13: Presisjonskjøring LA med NM for Junior avd. 2 innlagt og BUF 6 års
Klasse 14: Presisjonskjøring MB med Grenmesterskap kjøring avd. 3 innlagt.
Klasse 15: Sprangridning 0,80m med Grenmesterskap sprang avd.1 innlagt.

Dag 5
Klasse 16: Sprangridning 0,60m med BUF 4 års
Klasse 17: Sprangridning 0,70m med BUF 5 års
Klasse 18: Sprangridning 0,80m med NM for Junior avd. 3, BUF 6 års
Klasse 19: Sprangridning 0,80m med NM for senior avd. 3, NM lag avd. 3
Klasse 20: Sprangridning 0,90m med Grenmesterskap sprang avd. 2 innlagt.