Har du lyst til å bli vår nye redaktør?
Norges Fjordhestlag søkjer etter ny redaktør for medlemsbladet Fjordhesten frå og med 01.03.2016. Dette er ein kjekk jobb der du kan kome tettare på fjordhestarbeidet i heile landet. Du som blir ny redaktør bestemmer i stor grad kva bladet skal innehalde. Det er ønskeleg at stoffet representerer avl og bruk av fjordhest frå alle landsdelar. Du vel sjølv korleis du vil forme stoffet – om du vil reise rundt og lage reportasjar, eller om du vil utforme stoff via telefon og e-post. Hovudsaka er at medlemmene i Norges Fjordhestlag får tilsendt eit interessant blad med noko for alle interesse- og aldersgrupper.
Bladet kjem ut fire gangar i løpet av året. Du som er redaktør blir invitert til det årlege Haustmøtet for å dekke dette. Elles er det nødvendig å dekke dei viktigaste arrangementa til Norges Fjordhestlag som NM, utstillingane og årsmøtet. Du kan anten vere tilstades sjølv, eller gjere avtale med nokon som kan refere for deg.
Styret er ansvarleg utgjevar.
Det er ein fordel at du har kjennskap til Fjordhesten og miljøet rundt. Du er strukturert, initiativrik, samarbeidsvillig, effektiv og ryddig. Vi ønskjer kompetanse og erfaring innan redaksjonelt arbeid, marknadsarbeid, fotografering og bruk av dataverktøy. Godtgjersle etter avtale.
Send søknad til post@fjordhest.no innan 1. januar.
Hei, dette ser interessant ut, men etter å ha søkt og funnet ymse stoff på internett, kan det se ut som om dere ønsker en person som blant annet holder til i nærområdet, kan alt om fjordingen og skriver på nynorsk.Jeg gjør ingen av delene.
Derimot er jeg journalistutdannet, har vært avisjournalist, ledet reklamebyrå, vært redaktør av flere magasin, skrevet flere bøker, er habil fotograf, har jobbet med sideombrekking og produksjon av magasin hele veien gjennom pre-press og frem til trykk.
Nå jobber jeg i et stort statlig foretak med blant annet tekstarbeid, og ser vel i retning av en pensjonist-tilværelse om ikke alt for lenge – der denne type jobb muligens kunne vært interessant.
Mvh. Harald H
Hei! Takk for at du viser interesse for denne jobben! Redaktøren kan halde til kvar som helst, då fjordhesten finst over heile landet og redaktøren i stor grad jobbar via pc og telefon. Redaktøren treng ikkje å skrive nynorsk. Det har derimot vore nødvendig at redaktøren sjølv kan produsere stoffet til bladet, då det vanlegvis er lite tilsendt stoff å sette inn. Dette krev at redaktøren til ei viss grad kjenner fjordhesten, og kjenner til kva slags type stoff som er aktuelt. Dersom du har idear til korleis dette kan gjerast på ein ny måte, er vi sjølvsagt opne for det. At redaktøren også kan fotografere vil vere ein stor fordel. Ta gjerne kontakt på e-post post@fjordhest.no
Med helsing
Norges Fjordhestlag