Har du lyst til å bli vår nye redaktør?

Norges Fjordhestlag søkjer etter ny redaktør for medlemsbladet Fjordhesten frå og med 01.03.2016. Dette er ein kjekk jobb der du kan kome tettare på fjordhestarbeidet i heile landet. Du som blir ny redaktør bestemmer i stor grad kva bladet skal innehalde. Det er ønskeleg at stoffet representerer avl og bruk av fjordhest frå alle landsdelar. Du vel sjølv korleis du vil forme stoffet – om du vil reise rundt og lage reportasjar, eller om du vil utforme stoff via telefon og e-post. Hovudsaka er at medlemmene i Norges Fjordhestlag får tilsendt eit interessant blad med noko for alle interesse- og aldersgrupper.

Bladet kjem ut fire gangar i løpet av året. Du som er redaktør blir invitert til det årlege Haustmøtet for å dekke dette. Elles er det nødvendig å dekke dei viktigaste arrangementa til Norges Fjordhestlag som NM, utstillingane og årsmøtet. Du kan anten vere tilstades sjølv, eller gjere avtale med nokon som kan refere for deg.

Styret er ansvarleg utgjevar.

Det er ein fordel at du har kjennskap til Fjordhesten og miljøet rundt. Du er strukturert, initiativrik, samarbeidsvillig, effektiv og ryddig. Vi ønskjer kompetanse og erfaring innan redaksjonelt arbeid, marknadsarbeid, fotografering og bruk av dataverktøy. Godtgjersle etter avtale.

Send søknad til post@fjordhest.no innan 1. januar.