Ein tanke som mange hoppeeigarar har i hovudet i desse dagar er kva for ein hingst dei skal velje å føre hoppa si til i sommar. Dette var også tema under oppdrettarkonferansen på Norsk Fjordhestsenter, der eksteriørdommar Anne-Siril Horstad Bruland fortalde om kva ein må tenkje på  når ein skal velje hingst til hoppa si.

Målet med avlen
Det overordna målet med avlen er avlsframgong; følet som vert fødd skal vere betre enn sine foreldre. Då er det viktig å finne ein god kombinasjon av hoppe og hingst. For å kunne gjere dette på ein god måte er det viktig å ha kjennskap til rasen ein skal avle på. Ein må kunne ein del om rasa si historie og tradisjonar, og ikkje minst må ein ha kjennskap til avlsplanen.

Avlsplanen er Norges Fjordhestlag sin måte å styre avlen på. I avlsplanen er det skildra korleis ein ynskjer at fjordhesten skal sjå ut, korleis lynnet skal vere og kva slags brukseigenskapar hesten skal ha. Avlsplanen vert revidert med jamne mellomrom, slik at organisasjonen skal kunne styre avlen i den retninga dei meiner er til det beste for fjordhesten. Det kjem ny avlsplan for fjordhest i 2017.

Kunnskap om individa
I tillegg til å kjenne rasen som heilheit, må ein også kjenne til det individet ein skal avle på. Kva slags eigenskapar går igjen i slekta til hoppa? Kva slags eigenskapar har ho gitt vidare til tidlegare avkom? Dette er også informasjon ein gjerne kan innhente om dei hingstane det vil vere aktuelt å bruke.

Status for fjordhestavlen i dag
Fjordhesten har dei siste åra hatt særs låge bedekkingstal, men etter ei auke i både 2015 og 2016 vonar ein at det no har snudd. Sjølv om det er få fødde føl, ser ein likevel at dei individa som er fødde er gode. Fjordhestfolket er flinke til å velje ut gode avlskombinasjonar, og klarer å oppretthalde høg kvalitet i ein liten populasjon. Ein av grunnane til dette er heilt klart at vi er flinke til å bruke mange forskjellige hingstar, og sidan det er populært å bruke tre- og fireårshingstar får ein i tillegg korte generasjonsintervall.

Ein anna positiv ting er at det er  stor variasjon i populasjonen, og det vert avla på fjordhestar av mange ulike typar. I «gamle dagar» kunne ein sjå at fjordhesten såg ulik ut i dei forskjellige landsdelane, fordi arbeidet den vart nytta til og fôret den fekk varierte frå stad til stad. I dag ser ein framleis ulike modellar, sjølv om dette ikkje er like knytta opp mot geografi no som hestane flyttar meir på seg. I populasjonar der alle dyra etter kvart vert veldig like, kan ein «avle seg inn i eit hjørne» – avle vekk eigenskapar som det då vert vanskeleg å innføre i rasen igjen. Dette er ein ikkje like utsett for når ein har ein variert populasjon.

Krav til hoppa
På grunn av dei låge bedekkingstala er det viktig å få flest mogleg hopper til hingst, slik at ein forhåpentlegvis etter kvart kan få så mange fødde føl kvart år at rasen vert berekraftig. Alle registrerte fjordhopper kan bedekkast med kåra eller premiert hingst og få eit godkjent avkom, ein treng ikkje avlsgodkjenning slik ein gjer med hingstane. Likevel bør ein setje nokre krav til hoppa ein skal avle på.

Hopper som vert nytta i avlen må ha god helse. Vi ynskjer ein sunn og frisk fjordhest, og difor skal ein ikkje avle på dyr som har arvelege lidingar som kan førast vidare til avkomma. I tillegg må hoppa vere frisk nok til å gå igjennom ei drektigheit. Ein bør heller ikkje avle på hopper som har svakheiter i eksteriøret som går ut over haldbarheita. Det er også viktig at hoppa har eit godt lynne, slik at ein får trivelege og godlynte avkom som kan brukast som allsidige sports- og hobbyhestar.

Dersom ein har ei hoppe med ein solid og god stamme, vil ho gjerne ha mange gode eigenskapar med seg i genene sine sjølv om hoppa kanskje ikkje er så god i seg sjølv. Det vil i mange tilfelle vere tryggare å avle på ei mindre god hoppe med ei solid og god stamme som tidlegare har skapt mange gode dyr, enn ei hoppe som er god i seg sjølv men som har ein svak stamme. I tillegg må ein hugse på at det ikkje er berre hoppa – eller hingsten – åleine som lagar eit avkom, så kva slags kombinasjon ein vel er utslagsgivande for kva slags fjordhest ein får.


Kva må ein ta omsyn til?
Dei tre viktigaste tinga ein må ta omsyn til når ein skal velje ut ein avlskombinasjon er eksteriør, stamme og brukseigenskapar. Ein må finne ein hingst som kan forsterke dei svake sidene til hoppa, slik at ein får eit avkom som er betre enn foreldra sine og dermed framgong i avlen.

Stamme
Hoppa og hingsten må ikkje vere for nært i slekt. Når ein har så låge bedekkingstal i ein populasjon som det fjordhesten har hatt dei siste åra, er det nesten umogleg å unngå auka innavlsgrad. Ein ser likevel at hoppeeigarar er bevisste på dette, og vel å bedekke med hingstar som ikkje er i nær slekt med hoppa. Dette med stammer og innavlsgrad vert mykje diskutert, og fjordhestfolket er flinke til å omstille seg når det vert viktigare enn før å ta omsyn til dette.

Som nemnt bør ein også ha god oversikt over kva slags eigenskapar som finns i stammen på hoppa, og ta høgde for at både gode og dårlege eigenskapar kan kome til syne i eit avkom.

Eksteriør
Korleis fjordhesten sitt eksteriør skal vere, er godt skildra i avlsplanen. Når hestar er på utstilling vert dei dømt ut i frå desse kriteria, og dommarkortet frå utstilling kan vere eit godt hjelpemiddel for å finne ut kva som er dei sterke og svake sidene til hoppa. Dersom hoppa ikkje er stilt og du ikkje føler deg god nok til å bedømme hoppa sitt eksteriør sjølv, er det mykje kunnskap rundt om kring i lokallaga og folk ein kan spørje til råds.

Ein bør prøve å velje ein hingst som er sterk der hoppa er svak, og ein må også hugse å sjå på kva slags eigenskapar hingsten tidlegare har gitt vidare til sine avkom dersom ein brukar ein eldre hingst.

Brukseigenskapar
Kva for eigenskapar er ekstra viktig for det hesten skal brukast til? For ein hest som skal gå i sporten er det viktig med gode rammer i kroppen og gode rørsler. For ein hest som skal bli familiens alt-mogleg-hest, er nok lynnet det viktigaste. Dei brukseigenskapane ein ser i ein hest er i veldig stor grad prega av miljø, så ein bør legge størst vekt på å lage eit avkom som har føresetnadar for å bli god til det det skal brukast til.


Verktøy
Det finns fleire verktøy ein kan nytte når ein skal finne den rette hingsten. På nettsidene til Norges Fjordhestlag ligg det ein hingstekatalog med oversikt over alle kåra og premierte fjordhingstar i Noreg. Denne vert oppdatert etter hingsteutstillinga med dei nye hingstane som får avlsgodkjenning.

I stamboka på nett kan du finne mange opplysningar om både hoppe og hingst. Her har du oversikt over stamtavla deira, tidlegare avkom og utstillingsresultat. Dersom du ikkje kjenner så godt til stammen på hoppa di, kan dette vere eit nyttig verktøy for å få meir informasjon.

Norsk Hestesenter og Norges Fjordhestlag brukar dataprogrammet EVA, som er eit vertkøy for å rekne ut innavlsgraden i ein populasjon. Igjennom dette programmet kan ein finne ut kva slags avlskombinasjonar som er best med tanke på å unngå auka innavl, og i avlssesongen 2017 vert det mellom anna brukt til hoppelinjeprosjektet. Det er planar om at delar av dette skal verte tilgjengeleg som ei nettbasert løysing etter kvart.

Ingen fasit
Det finns ingen fasit når det kjem til avl. Ein kombinasjon som kan sjå tilsynelatande god ut, kan ende opp i ein mindre god hest. Ein kombinasjon du eigentleg ikkje har trua på, kan bli eit førstepremiedyr. Les avlsplanen, undersøk slekta til hoppa di, bruk dei verktøya som finns og lytt til kunnskapsrike fjordhestfolk. Og det aller viktigaste: Før hoppa di til hingst! Vi treng alle dei fjordhestføla vi kan få!