Under årsmøtet i Norges Fjordhestlag torsdag vart Ben Hjelmervik vald inn som nytt styremedlem.
Ben Hjelmervik er 67 år, og er opphavleg frå Skånevik i Sunnhordland. Dei siste førti åra har han vore busett i Våler i Hedmark. Ben vaks opp med fjordhest heime i Skånevik, og hjalp til med å køyre hest på nabogardane. Etter at han vart vaksen, starta han sjølv med fjordhest. Interessa hans auka etter at dei første hestane han stilte ut fekk gode resultat på utstilling, og sidan då har fjordhesten vore ein stor del av livet hans. Ben har vore på hingsteutstillinga kvart år sidan 1976, og har stilt ut til saman 36 hingstar.

Ben er opptatt av at det må finns fleire godt utdanna fjordhestar tilgjengeleg for dei som ynskjer å kjøpe seg ein brukshest, fordi etterspørselen etter slike hestar er så stor. Ved å ha fleire gode fjordhestar til sals til ei kvar tid, vil ein auke salet, bruken og populariteten til rasen.

Det har vore mange fjordhestar innom garden til Ben, men nett no har han ikkje eigne fjordhestar. Mange av hestane han har eigd har han seld vidare, og han har eksportert hestar til både USA, Frankrike, Danmark, Sverige og Finland. Fjordhestane til Ben har vorte mest brukt til arbeid, spesielt i jordbruket. Han meiner at allsidig bruk av hesten er ein stor fordel – det hesten lærer gjennom å bli brukt som arbeidshest kjem godt med når han skal ut og konkurrere i sporten. Hesten får trena både styrke og dressur som arbeidshest.

Den hesten han har hatt som har sett djupast spor etter seg, er hingsten Krossar. Ben kjøpte hingsten som treåring i 1982, og tre år seinare fekk han 2. premie på hingsteutstillinga. Krossar var ein god brukshest, og Ben fortel at han var langt framføre si tid når det gjaldt rørsler og framdrift.

Krossar på utstilling i 1982. Her mønstra av Ivar Os. Biletet er henta frå stambok nr 41 (1983).

Ben gler seg til å samarbeide med resten av styret i Norges Fjordhestlag, og seier at han er veldig glad for at det er så mange flinke folk som jobbar for det beste for fjordhesten. Vi ynskjer Ben velkomen i styret, og lukke til med arbeidet for fjordhesten!