På Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid har det vore semindrift sidan 2004. Her har mange nye føl blitt til, og bruken av semin har gitt nye moglegheiter for heile fjordhestverda.

I følgje konvensjonen om biologisk mangfald (Riokonvensjonen) har Noreg som moderland for fjordhesten eit særskilt ansvar for å bevare rasen. Dette var bakgrunnen for at Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter i samarbeid starta med semindrift i 2004. I 2007 vart det bygd ein heilt ny seminstasjon på Norsk Fjordhestsenter, med eigen hingstestall og eigna lokale til tapping av hingstar, veterinærundersøkingar og laboratorieundersøkingar.

Sidan den gong har over 20 hingstar vore i teneste på Norsk Fjordhestsenter, og nærare 400 hopper har vorte inseminert. Dei fleste hoppene som vert inseminert kjem til senteret, men det vert også sendt sæd over heile landet. Ein av fordelane ved å bruke semin er at ein kan tilby dei beste hingstane til alle hoppeeigarane i heile Noreg, og ein får spreidd genmaterialet i mykje større grad enn om hingstane skulle reist rundt og bedekt naturleg. Det er ikkje alle stadar i landet det er like mykje fjordhest, og mange bur langt unna næraste godkjente hingst. For dei gjer moglegheita for å nytte semin det enkelt å avle på hoppene sine likevel.

Mange fjordhestføl har vorte laga på seminstasjonen på Norsk Fjordhestsenter

Nokre sesongar har seminstasjonen vore EU-godkjent, slik at dei kan sende sæd til heile verda. Det er framleis frosen, EU-godkjent sæd frå fleire hingstar lagra på stasjonen. Det finnast også ein sædbank i USA som inneheld frosen sæd frå førstepremiehingstane Torsetblakken og Perakrossen. På grunn av høge kostnader, mykje ekstraarbeid og lite etterspurnad vert det ikkje tilbydd EU-godkjent sæd kvart år, men dersom det kjem ynskje frå utlandet om å bestille sæd er det aktuelt å gjere det igjen.

Ein av årets seminhingstar, Heggnes Balder, framfor seminstasjonen ved Norsk Fjordhestsenter.

I starten var det mange i fjordhestmiljøet som var skeptiske til semindrift. Det har i lang tid vore ein tradisjon for å halde lagshingstar, og mange var redde for at seminstasjonen skulle gå ut over dei lokale fjordhestlaga. No er folk mykje meir positive og ser at seminstasjonen er eit supplement, ikkje ein konkurrent til lokallaga og lagshingstane. Semin gjer det også enklare å kombinere avl og bruk for både hoppe- og hingsteeigarar. Hestane vert heller ikkje like utsette for verken smittsomme sjukdommar eller fysiske skader som kan oppstå i samband med naturleg bedekking. Norsk Fjordhestsenter har samarbeida med lokallag i Norges Fjordhestlag om hingstar, og fleire lag har uttalt at utan det samarbeidet dei har hatt med Norsk Fjordhestsenter hadde dei ikkje hatt moglegheit til å halde lagshingst. Begge hingstane som står til teneste ved seminstasjonen i år, Heggnes Balder og Fjell Finn, skal seinare i sommar på slepp i regi av lokale fjordhestlag.

I tillegg til sjølve semindrifta gir arbeidet ved seminstasjonen andre fordelar, blant anna at ein får kartlagt sædkvaliteten på fjordhesten. Dei fleste som tek sædprøver gjer det fordi dei mistenkjer dårleg sædkvalitet eller sterilitet hos ein hingst, men gjennom semindrifta på Norsk Fjordhestsenter får ein samla data om sædkvalitet på mange ulike hingstar. Ein ser at om lag 30% av hingstane har for dårleg sædkvalitet til at sæden kan frysast ned og nyttast seinare. Desse hingstane vil truleg likevel ikkje ha problem med å få føl i hoppene på naturleg vis. Om lag 40% av hingstane har middels god sædkvalitet, og 30% har svært god sædkvalitet med mange sædceller per milliliter og høg rørsleevne.

Norsk Fjordhestsenter har samarbeidd med Geno og SpermVital for å auke kunnskapen om semindrift.
I perioda 2007-2012 vart det gjennomført eit utviklingsprosjekt med fokus på produksjon, kvalitet og kompetanse. I prosjektgruppa var det representantar for SpermVital, Geno, Norsk Fjordhestsenter og Norges Fjordhestlag, i tillegg til Torbjørn Nes Hjelle som er veterinær på seminstasjonen. I 2013 vart det halde seminkurs for veterinærar på Norsk Fjordhestsenter, der 18 veterinærar frå Noreg og Sverige deltok.

Asle Espe, som er tilsett ved Norsk Fjordhestsenter og ansvarleg for seminstasjonen, er særs nøgd med semindrifta. Han seier at seminstasjonen har betydd mykje for fjordhesten, sidan hoppeeigarar over heile verda kan få tilsendt sæd frå kvalitetshingstar. Espe er nøgd med hingstane dei har hatt på seminstasjonen; dei har gitt gode avkom og har vore med på å gi avlsframgang for fjordhesten både i Noreg og i utlandet. Semindrift er særs vanleg på andre raser, og ved å etablere seminstasjonen på Norsk Fjordhestsenter har ein løfta fram denne teknikken og fått mange nye moglegheiter som ein ikkje ville hatt elles.

Korleis går tapping og inseminering føre seg?

Veterinær Torbjørn Nes Hjelle samarbeidar med Norsk Fjordhestsenter på seminstasjonen. I dei vekene det vert utført semindrift er han på senteret tre gongar i veka for tapping av hingstar og inseminering av hopper. I tillegg vert hoppene undersøkt med ultralyd for å kartlegge brunst, og eventuelt sprøyta i brunst dersom dette er mest hensiktsmessig.

Ei merr på austlandet er brunstig, og Heggnes Balder vert tappa så sæden kan sendast.

Ved semin har ein noko større drektigheitsprosent enn ved naturleg bedekking, om lag 75-80%. Drektigheitsprosenten på semin vert målt per brunst, ikkje per sesong slik det vert gjort elles. Det sikraste alternativet er å bruke fersk sæd. Fersk sæd kan overleve i livmora i inntil to dagar, og ein treng difor ikkje treffe nøyaktig med insemineringa. Å bruke frosen sæd er meir arbeidskrevjande og mindre sikkert, då ein må inseminere på nøyaktig riktig tidspunkt. Nokre gongar må ein undersøke hoppa 4-5 gongar i døgnet med ultralyd for å finne ut akkurat når ein skal inseminere.

Ei brunstig hoppe vert inseminert med sæd som nettopp er tappa.

Når ei hoppe på senteret er klar for inseminering, eller det er bestilt sending av sæd, vert hingstane tappa. For å gjere det enklare for dei å komme i humør, får dei helse på ei brunstig hoppe som står på boks ved sidan av bukken. Deretter hoppar hingsten opp på bukken, og veterinær samlar sæd i ein behaldar. Sæden vert så lyst for å sjekke kor mange sædceller den inneheld, og sjekka i mikroskop for å sjå rørsleevna på sædcellene. Ei dose frå hingsten kan vere nok til å inseminere 4-5 hopper. Sæden som skal sendast må fortynnast for å tole transporten, medan sæd som skal sprøytast inn direkte ikkje treng dette.

Hoppene som vert inseminerte vert sjekka på nytt etter to dagar for å sjå om dei har hatt eggløysing. Etter om lag 16 dagar kan ein ta ultralyd for å sjå om dei er drektige.  Forhåpentlegvis resulterer insemineringa i eit velskapt, vakkert fjordhestføl neste sommar.

 

Semindrifta på Norsk Fjordhestsenter har gitt nye moglegheiter for fjordhesten. Fleire får tilgong på gode hingstar, og i tillegg får ein undersøkt sædkvalitet på hingstane og har moglegheit til å fryse ned sæd for å bevare genmateriale. Seminstasjonen er eit flott supplement til lagshingstane, då det gir mange fleire hoppeeigarar moglegheit til å lage gode avkom.