Dei siste åra har det vorte fleire og fleire fjordhestar på Helgeland, og hestefolket der har verkeleg fått augo opp for allsidigheita og det gode lynnet til fjordhesten.

Det har lenge vore eit aktivt hestemiljø på Helgeland. Sprangriding er spesielt populært her, og det vert arrangert mange stemner. Fleire driv også med dressur og køyring. Dei rasane ein ser oftast er dølahest, nordlandshest/lyngshest og ulike ridehestrasar.

Dei siste åra har fjordhesten vorte veldig populær på Helgeland. Blant dei som no har kjøpt eller ynskjer å kjøpe seg fjordhest ser ein mange som tidlegare har drive med køyring, men også folk som driv rideskule og folk som vil ha ein allsidig hest. I fjordhesten har dei ein hest dei kan bruke til alle greiner og som ikkje set grenser for kor høgt nivå dei kan nå. I tillegg er han ein godlynt og trygg hest som heile familien kan ha glede av.

Vilja med det nyaste medlemmet i flokken, eit hoppeføl e. Glød.

Nyfrelst fjordhestentusiast

Vilja Forseng Flatås er ein av dei nye fjordhesteigarane på Helgeland. Ho bur på garden Andneset i Luktvatnet i Vefsn kommune saman med mann og tre døtrer. Vilja har drive med hest i mange år, og er spesielt interessert i køyring. Tidlegare har ho hatt oldenburgarar, men etter at ho fall for fjordhesten er det den rasa ho vil halde seg til.

Vilja har alltid likt fjordhesten, men fordi det har vore lite fjordhest der ho bur har ho ikkje fått mykje erfaring med rasen. Då ho deltok på eit køyrekurs i Trondheim for nokre år sidan fekk ho sjå fjordhesten sine gode eigenskapar på nært hald. Ho la merke til at fjordhestane som deltok hadde ei enorm evne til å omstille seg – før start var dei rolege, men inne i maratonhindera var det «bånn pinne». Etterpå var hestane like rolege. Dette såg ho på som ein veldig god eigenskap, og ho vart enno meir nysgjerrig på fjordhesten.

 

Heile familien kan ha glede av fjordhesten

Etter at ho kjøpte sin første fjordhest nokre år seinare, ser Vilja at det å ha fjordhest er enkelt å kombinere med familielivet. Hestane har mindre skader enn mange andre raser, og krev ikkje så mykje med tanke på fôring. Dei toler å stå ei stund utan å bli brukt, og dei er fine barnehestar som heile familien kan ha glede av. Både Vilja og dottera Frid på 16 år konkurrerte med den førre fjordhesten dei hadde, vallaken Logn. Hesteinteressa har blomstra hos alle tre døtrene hennar etter at dei fekk fjordhest på garden. Hestane har eit veldig godt lynne, og ungane opplever meistringskjensle av å kunne handtere hestane sjølve.

Den opphavlege planen til Vilja var å ha fjordhest i nokre år fordi det var ein hest ungane kunne bruke, og så gå tilbake til større rasar seinare. No ser ho ingen grunn til å bytte ut fjordhesten.  «Eg har alt eg treng i fjordhesten» seier ho. «Fjordhesten kan nå langt i både køyring og dressur, og hindera fjordhesten kan hoppe er meir enn høge nok for meg.»

Det første følet på Andneset

I fjor kjøpte Vilja ein ny fjordhest, den no femten år gamle hoppa Hartveit Seira etter Haukmann. Eigentleg hadde ho tenkt å kjøpe ein hest ho kunne ta med på stemner med ein gong, men ho enda litt tilfeldig opp med ei drektig hoppe i staden. Det å ha drektig hoppe og få vere med på heile prosessen fram til følling har vore ei utruleg oppleving fortel Vilja, og høgdepunktet var då ei lita hoppe vart fødd på Andneset førre veke. Vilja si mellomste dotter foreslo namnet Petra – oppattkalla etter mannen som tok i mot følet. Drektigheit og følling har gitt meirsmak, og Seira skal til hingst i år også. Vilja køyrer heile den lange vegen frå Helgeland til Nordmøre for å sleppe ho med hingsten Heggnes Balder i slutten av juni.

Hartveit Seira og følet Andnes Petra e. Glød

Nytt lokallag

Nokre av medlemmane i Helgeland Fjordhestlag. Frå venstre: Ninja Hansen og Dønning, Kaja Steffensen og Grålina, Marte Thoresen og Dalseters Bendik, Vilja Forseng Flatås og Logn, Kine Solli Trondmo og Finslands Litagrå

Vilja er ikkje den einaste på Helgeland som har fått augo opp for fjordhesten. I 2015 skipa fleire fjordhestentusiastar i området eit nytt lokallag i Norges Fjordhestlag – Helgeland Fjordhestlag. Det finnast to andre fjordhestlag i Nordland, Sømna og Brønnøy Fjordhestlag og Salten Fjordhestlag, men det er veldig stor avstand mellom desse, og det var difor naturleg å starte eit nytt lokallag midt i mellom.

Lokallaga for dølahest og nordlandshest/lyngshest på Helgeland har i fleire år arrangert Helgelandsskeid, som er eit veldig populært arrangement. Å kunne vere med å arrangere dette var mykje av grunnen til at Helgeland fjordhestlag vart skipa.

 

Tur til hingsteutstillinga på Nordfjordeid

Fem av medlemmane i Helgeland Fjordhestlag tok i mai turen til hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Her tok dei del i alle aktivitetane, og dei vart veldig positivt overraska over arrangementet. Vilja fortel at det var mange som tok kontakt med dei og syns det var stas at det kom folk så langt nordfrå for å delta på utstillinga. Ho seier at dei kjende seg veldig velkomne, og at dei fekk inntrykk av at fjordhestmiljøet er inkluderande og raust. Dei syns også det var kjekt å sjå at fjordhesten har ein så viktig posisjon på Nordfjordeid – arrangementet var ikkje berre for entusiastar, heile lokalmiljøet deltok og aktivitetane vart haldne over heile sentrum. Stemninga på utstillinga var høgtideleg, og det var veldig tydeleg å sjå at folka som deltok er stolte av fjordhesten.

Hingsteutstillinga var ei lærerik oppleving der dei fekk sjå mange fjordhingstar i ulike samanhengar. Det er tydeleg at dei også vart inspirert av å vere med, for alle dei som var der har bestemt seg for å bedekke hoppene sine i år. Fleire ynskjer seg hingsteføl, slik at dei kan få oppleve stemninga på hingsteutstillinga frå innsida av ringen.

God fjordhestreklame

Å vise fram fjordhesten på stemner er god fjordhestreklame. Her er Vilja si eldste dotter, Frid, og vallaken Logn.

Vilja reiser mykje rundt på stemner som steward. Det er alltid fjordhestar med når det arrangerast stemner, og felles for fjordhestane er at dei alle er ukompliserte å handtere både på og utanfor konkurransebana. Folk legg merke til at fjordhestane er kjekke å ha med å gjere, og dei ser også at hestane gjer det bra i dei klassene dei deltek i. «Å vise fram fjordhesten på denne måten er uvurderleg reklame for rasen» seier Vilja, som meiner at dette er mykje av grunnen til at så mange i området har fått augo opp for fjordhesten.

Fjordhesten er i vinden og talet fjordhestar på Helgeland stig. Mange er interesserte i å kjøpe seg fjordhest, så forhåpentlegvis vil det verte enno fleire fjordhestar her i åra som kjem. Store avstandar gjer det vanskeleg for mange å reise til dei populære fjordhestdistrikta for å kjøpe hest, men allereie neste sommar er det venta fleire fjordhestføl på Helgeland. Vilja håper at dei føla ho avlar i framtida kan seljast til andre fjordhestinteresserte i området, slik at fjordhesten får ein enno sterkare posisjon også i denne delen av landet.