Av styret i Norges Fjordhestlag

Norges Fjordhestlag har ansvaret for å legge opp til ein stødig avlsframgang for fjordhesten. Dette inneber både å ivareta alle dei gode eigenskapane vi verdset hos fjordhesten, samtidig som vi må sørge for  genetisk variasjon. Artikkelen nedanfor illustrerer omsyna ein må ta i eit berekraftig avlsarbeid, i tillegg til informasjon om hoppelinjeprosjektet som er sett i gong for fyrste gong i år.

– Når vi skal vurdere genetisk variasjon og tiltak for fjordhesten, er det viktig å sjå heilskapen, seier leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen. – Vi kan ikkje berre sjå på linjer og stammar isolert sett, det er også andre forhold som spelar inn. For eksempel må vi ta omsyn til korleis hestane ser ut og korleis dei er i bruk, altså fenotypen, og vi må ta omsyn til den avlspolitikken som gjennom mange år er forankra i rasen sin avlsplan. Dette betyr likevel ikkje at vi ikkje skal tenkje nytt, understrekar ho.

Status for innavl hjå fjordhesten og korleis dette påverkar avlsarbeidet i rasen
Det er gjort fleire arbeid dei siste åra for å sjå på genetisk variasjon i fjordhestpopulasjonen. Det er nyleg levert ei masteroppgåve ved NMBU med tema «Genetisk variasjon og fargegenetikk hos fjordhest», skriven av Mia Høiseth.

Høiseth har i masteroppgåva brukt to ulike måtar å berekne effektiv populasjonsstorleik på. Effektiv populasjonsstorleik er eit forenkla mål på genetisk variasjon, og “overset” variasjonen til antal dyr dette tilsvarer. Konklusjonen i masteroppgåva er at hestane som har vore importerte dei seinaste åra, hovudsakleg frå Danmark, har påverka den genetiske variasjonen i rasen positivt.

Høiseth nytta to metodar for å berekne effektiv populasjonsstorleik (med datasett frå referansepopulasjon av dyr fødde frå 2010-2015), og fekk effektiv populasjonsstorleik berekna til høvesvis 85 og 121 Eit mål på at avlsarbeidet er berekraftig er at effektiv populasjonsstorleik er over 100.  Den første metoden drar med seg den historiske innavlen, mens den andre metoden i større grad tar omsyn til importen dei siste åra. Om ein ser desse to metodane under eitt, kan ein seie at nivået på genetisk variasjon er innafor det som er anbefalt i retningslinjer for berekraftig avlsarbeid. Med andre ord er det ingen umiddelbar fare for uakseptabel innavlsauke for fjordhesten slik situasjonen er i dag. Dette gjev gode moglegheiter for vidare forvaltning av populasjonen.  Vidare forvaltning krev imidlertid god oversikt over slektskapsstrukturen når framtidige seleksjonsavgjersler skal takast, meiner Høiseth. Ho legg til at det må leggast til rette for langsiktige mål i avlsarbeidet.

Tiltak for å minimere auke i innavl
Graden av genetisk variasjon i den norske fjordhestpopulasjonen er på eit akseptabelt nivå. Likevel bør ein sjå på tiltak for å minimere innavlsauke. Effektive tiltak er å selektere så mange hingstar som mogleg i kvar årgang og sikre jamne avkomsgrupper på hingstesida. Antal fødde føl er avgjerande, og vert brukt som måleparameter for berekraftig og sunn forvaltning.

Paringar mellom dyr basert på gjennomsnittleg slektskap (det vil seie å pare saman dyr som er langt frå kvarandre genetisk)  er eit tiltak som det ofte er fokus på. Dette kan i første omgang virke forlokkande og enkelt – men dette åleine løyser ikkje innavlsutfordringane. Paringsstrategien Maximum Avoidance of Inbreeding (MAI) er eit slikt tiltak. Sjølv om avkomet etter ei slik paring får ein låg innavlskoeffisient, er dette eit lite effektivt tiltak mot innavl totalt i populasjonen. Dersom målet i seg sjølv er lågast mogleg innavlsgrad, vil ein, dersom ein ikkje har ein overordna kontroll med bruk av hingstane, oppnå at mange brukar same hingst (som er lite i slekt med hodyra). Då aukar sjansen for at det oppstår ein ny flaskehals i neste generasjon, der “alle” er halvsøsken etter same hingst. Det viktigaste er å ha eit høgt antal fødde føl, og at den gjennomsnittlege slektskapen i heile populasjonen blir halde nede. Det gjer ein ved å tenkje breidde i avlen framfor spissing.

Seleksjon for optimale bidrag: Å velje ut dei mest høvelege dyra
“Olsen et al. (2011) har anbefalt bruk av seleksjon med optimale bidrag (OCS) på kaldblodstravar. Metoden stimulerer til bruk av unge hingstar i avlen, og fasar ut eldre hingstar, spesielt dei som har vore brukt mykje i populasjonen (= har store genetiske bidrag). Målet er å sikre balanse mellom genetisk framgang og innavlsutvikling. Ved OCS rangerast dyra på bakgrunn av ein avlsverdi. Dette kan vere eit fenotypepoeng eller ein BLUP avlsverdi (best linear unbiased prediction). Seleksjon kun på grunnlag av BLUP-verdiar, og ikkje i kombinasjon med OCS, er ikkje tilrådd i dei norske hestepopulasjonane, grunna faren for opphoping av innavl over kort tid (Handlingsplan for nasjonale hesteraser 2011-2020, Norsk Hestesenter).

Måten det blir samla informasjon om avlsdyr på i dag eignar seg ikkje altfor godt til å få ei god rangering av dyra til å gjennomføre seleksjon for optimale bidrag (velje ut dei mest høvelege dyra). Det er derfor Norsk Hestesenter jobbar med å legge om til lineær score for eigenskapar i avlsmålet. Ved hjelp av programvare som for eksempel EVA kan ein då sjå på slektskapsstruktur i samanheng med eigenskapar vi selekterer for (som eksteriør og brukseigenskapar), og sikre at det blir selektert dyr som vil gi avlsframgang samtidig som innavlsauken blir halden nede.

I dag baserer derimot berekningane seg berre på slektskap, og det brukast først og fremst til å anbefale paringskombinasjonar. Då er eigenskapar hos dyret, som til dømes type og preg underordna, og formålet er lågast mogeleg slektskap, på lik linje med det ein gjer i bevaringspopulasjonar. Det er viktig å hugse at eit dataprogram berre baserer seg på informasjonen som er tilgjengeleg, så dyr med kort(are) stamtavle vil for eksempel vere opplagde kandidatar dersom lågast mogeleg slektskap er ønskeleg. I praksis vil eit slikt resultat vere falskt, då utrekninga blir gjort med manglande informasjon. Dette understrekar kor viktig det er at grunnlagsmaterialet er oppdatert og fullstendig, og ein er også nøydde til  å gjennomgå resultatet for å sjå om det gir fornuft.

Fenotype – det vil seie eksteriør og brukseigenskapar – ein viktig del av heilskapen
Avlen på fjordhesten er ikkje utelukkande eit museumsprosjekt der det berre er slektskap som tel i paringskombinasjonane. Fordi fjordhestavlen er eit berekraftig, framtidsretta avlsarbeid med forsvarleg innavlsutvikling og rom for seleksjon, som Høiseth nyleg synte i si oppgåve, er det viktig at det også bli gjort ei vurdering av fenotype i utvalet av avlsdyr. Det vil seie korleis fjordhesten ser ut, og korleis han er i bruk. Det er marknaden som styrer fjordhestavlen, og marknaden etterspør blant anna gode brukseigenskapar. Det er svært viktig å ha stor genetisk variasjon, men dette må henge saman med funksjonelle, gode og sunne bruksdyr. Norges Fjordhestlag har difor eit ansvar for å legge opp til ein langsam, men stødig avlsframgang som samtidig gjer det mogeleg å oppretthalde variasjonen på best mogeleg måte.

Hoppeprosjektet
Innavlssituasjonen hos fjordhest er per i dag på eit akseptbelt nivå. Likevel er det viktig å legge vekt på genetisk variasjon. Hoppeprosjektet som er sett i gang i år har eit mål om å gjere tiltak som kan bevare deler av den genetiske variasjonen som står i fare for å falle ut, gjennom å bruke hopper som ber på linjer som er lite brukte i dagens populasjon. Sidan det ikkje blir gjort vesentleg seleksjon på hoppesida, er det først og fremst her ein finn genetisk materiale som er lite brukt. Hoppeeigarar vart oppmoda om sjølve å melde inn hopper til prosjektet.

Det viste seg etterkvart at det var mange faktorar som påverka gjennomføringa av prosjektet. Blant anna kom listene frå Norsk Hestesenter etter at avlssesongen var i gong. Vidare takka nokre av hoppeeigarane som vart førespurde, nei. Hoppeeigarane fekk alternative hingstar å velje blant, og var ikkje alltid samde i dei alternativa som var rekna ut og føreslegne. Valet av hingstar fall på unge kandidatar. Dersom det var mogeleg å ta med fleire hopper i prosjektet, ville det vore ynskjeleg med så mykje spreiing på hingstesida som råd. Det er rom for å drøfte om vala som er gjort i år er det mest hensiktsmessige i prosjektet i framtida.

Dataprogrammet EVA vart brukt for å sjå på hoppene sitt gjennomsnittlege slektskap til resten av populasjonen. I avlsarbeid må ein tenke fleire tankar samtidig, og ikkje berre ha reindyrka fokus på stamme. Ein må sørge for at foreldredyra passar godt saman med tanke på fenotype. Dette aukar sjansen for eit avkom med eigenskapar som er vekta i avlsmålet, noko som igjen aukar sjansen for at det går vidare i avl. Stoppar dette i første ledd, blir effekten av prosjektet borte. Målet er at desse avkoma blir avla vidare på.

Det blei gjort ei vurdering rundt hoppene sine eigenskapar, og NFL valde i denne omgang å prioritere hopper som hadde blitt vist på utstilling. Grunngjevinga for dette var at dei utvalde hoppene også skulle gi eit positivt bidrag til eigenskapar i avlsmålet, det vil seie at vi hadde minimumsinformasjonen når det gjaldt fenotypiske forhold som vi meinte var viktige for å sikre at hoppene var av ein viss kvalitet. For å sikre dei minst brukte linjene, er det fullt mogeleg at ein bør legge andre kriterium til grunn. Dette ønskjer vi konstruktive tilbakemeldingar på.

Hoppeprosjektet må vi sjå på som eit pilotprosjekt som kan gi oss erfaringar, som igjen kan danne grunnlag for ein meir langsiktig strategi for å bevare den genetiske breidda i populasjonen på best mogeleg måte.

Hoppeprosjektet i praksis – ei av hoppene som vart plukka ut til prosjektet vert inseminert på Norsk Fjordhestsenter.

Behov for tydelegare målsetting
Norges Fjordhestlag konkluderer med at det kunne vore hensiktsmessig med meir presis utforming av målet for prosjektet. Intensjonen har heile tida vore å setje i gong eit tiltak som kan vere med på å få hopper av ikkje altfor vanleg stamme inn i avlen, og dermed tilføre populasjonen viktige genetiske bidrag. Det meiner vi at vi har klart, slik  prosjektet er gjennomført i år. Det viktigaste no er at det vil kome fine føl til verda neste år, som er verdifulle bidrag til populasjonen.

Vi veit at vi har mange engasjerte medlemmer landet rundt, og i startfasen av prosjektet tok NFL kontakt med kunnskapsrike folk rundt om i fjordhestmiljøet for å få hjelp til utforminga av prosjektet. Det er viktig å understreke at vi haustar nyttige erfaringar frå dette første året, og vi ønskjer alle gode innspel til vidareutvikling velkomne. Styret ønskjer å legge opp til ein god og konstruktiv drøftingsrunde om prosjektet på Haustmøtet. Der får alle som møter fram høve til å uttale seg, og kome med forslag til forbetring.

Glade for å få pengar ut til avlarane
Norges Fjordhestlag er glade for at vi saman med dei andre nasjonale raseorganisasjonane har fått i stand eit prosjekt der vi gjennom eit konkret beløp til kvar hoppeeigar får kanalisert pengar ut på grasrotplanet. Det er der avlsarbeidet i praksis blir gjort.