Tvillingfødslar på hest er ganske sjeldan, og enno sjeldnare er det at begge føla overlever fødselen. I år vart det for tredje gong på tre år fødd tvillingar av fjordhest i Noreg.

For tre år sidan fekk hoppa Øvrabø Tyra tvillingar etter Fjelltor, og i fjor fekk hoppa Gjerde Fabina tvillingar etter Lille Ulrik. At det skulle kome nok eit tvillingpar i år var det vel ikkje så mange som trudde, men laurdag fekk hoppa Marion ei hoppe og ein hingst etter Herr Fin.

Vibekke Haugebo, som har Marion til låns, seier at ho vart sjokkert då ho skjønte at det var to føl som kom. Ho hadde følgd nøye med på jura, slik at ho visste om lag når fødselen ville starte. Ho var heldig og fekk med seg alt. Då hoppefølet hadde kome ut, haldt Marion fram med å presse, og Vibekke tykte det var rart om etterbøra skulle kome så fort. Ganske snart vart det klart at det ikkje var etterbøra som kom, men enno eit føl – ein liten hingst. «Eg haldt nesten på å besvime då eg skjønte at det var to!» seier ho.

Tvillingfødlsar er sjeldne hos hest. Berre rundt 10% av tvillingane overlever fødselen, og i dei fleste tilfella kastar hoppa undervegs i drektigheita. Det vert trongt i livmora når to må dele på plassen, og tvillingføl kan ofte få problem med beinstillinga fordi dei har hatt lite plass. Det er heller ikkje uvanleg at tvillingar har underutvikla hjarte eller lunger, og mange døyr kort tid etter fødselen.

Sjølv om det såg lyst ut for dei to små på Sørlandet, snudde det fort då hoppefølet vart sjuk måndag kveld. Det er usikkert kva som feila ho, men ho sovna stille inn etter å ha kjempa i tretten timar. Hingstefølet verkar heldigvis sunn og frisk, og hoppar og sprett rundt når han får vere med mor si ut. Vibekke hadde ynskt seg eit hingsteføl, så no håper ho at alt går bra med han. I fjor køyrde ho til saman 320 mil med Marion for å bedekke med hingsten Herr Fin, så det er ingen tvil om at dette er ein kombinasjon ho har tru på.

Marion og hennar to små

Marion hadde gått om lag ei veke over termin då dei to små kom til verda. På ultralyd såg ein berre eitt foster, så det var ingen som mistenkte at det kunne kome fleire. Føla var ganske små då dei vart fødde, og hingsten, som var den svakaste, vart gitt flaske i tillegg til å die det første døgnet. Han hostar litt, noko som kanskje skuldast fostervatn i lungene, og han får behandling for dette. Vibekke fortel at ho har god dialog med veterinærar som gjer alt dei kan for at det skal gå bra for den vesle hingsten.

Vibekke er klar på at ein ikkje hjelp hestane for ein kvar pris. Dersom hingsten ikkje er sterk nok til å få eit godt liv, må han avlivast. Dyr skal ikkje ha det vondt, og sidan dei ikkje kan bestemme sjølv må vi menneske ta avgjerdene for dei. «Ein må tenke på hestane si velferd, og ikkje sine eigne kjensler i slike situasjonar» seier ho. «Sjølvsagt er det trist dersom det ikkje går rette vegen, men ein kan ikkje la hestane leve med smerter.»

Dersom alt går rett veg med den vesle hingsten, kjem han nok til å bli hjå Vibekke. «Når ein får ei slik oppleving vert hestane ekstra spesielle for ein» seier ho.  Det er mykje jobb med han akkurat no, og heile familien er sett i sving for å hjelpe til. Det er viktig å passe på at han får i seg nok mat, slik at han kan vekse seg stor og sterk.

Dette er andre gongen Vibekke opplever dramatikk rundt hestefødslar. Ho har tidlegare fått føl på ei Shetlandsponnihoppe som var dødfødt, og no har ho mista den eine av tvillingane. «Eg veit ikkje om eg tør prøve att dersom det går dårleg denne gongen» seier ho, «det er så vanskeleg å sjå på  at hestane har det vondt. Ein kjenner seg så hjelpelaus når ein ikkje kan gjere noko for dei.»

Vi vonar at alt går bra med den vesle hingsten, og at han veks opp til å bli akkurat den hesten Vibekke hadde i tankane då ho kjørte den lange vegen til hingst i fjor sommar.

 

Heile familien hjelper til