Norges Fjordhestlag vil saman med arrangørklubbane Borge Rideklubb og Østfold Fjordhestlag ynskje alle hjarteleg velkomne til Fredriksborg Hestesportsenter og Nordisk Meisterskap for fjordhest 2017.

Offisiell opning av arrangementet finn stad i dag, onsdag 26. juli klokka 19.00. Frå torsdag til sundag skal det konkurrerast med fjordhest frå ulike nasjonar i sprang, dressur og køyring.

Totalt er det 55 startande ekvipasjar. Det er påmeldt 29 ekvipasjar frå Noreg, 10 frå Sverige, 15 frå Danmark og ein ekvipasje frå Finland. Det er totalt meldt fem lag som skal konkurrera om å bli Nordens beste fjordhestnasjon.

Innsatsen deltakarane gjer under meisterskapen denne veka og på heimebane er med å promotere fjordhesten på ein god måte. Dette har stor verdi for marknadsføring av rasen. Deltakarane har all grunn til å vera stolte av at dei no står på startstreken i Nordisk Meisterskap.Borge Rideklubb har lang erfaring som arrangør og Norges Fjordhestlag er svært trygge på at også dette arrangementet vil gå på skinner. Det er viktig for fjordhesten at aktive klubbar tek på seg den store jobben der er å laga til eit slikt stemne – noko Norges Fjordhestlag er svært takksame for.

Representantar frå styret vil vera tilstade under arrangementet. Norges Fjordhestlag vil ynskje arrangørklubb og alle startande ekvipasjar lukke til med meisterskapen.

Skal du ikkje vere til stades under Nordisk er det likevel mogleg å få med seg kva som skjer. Du kan følgje arrangørane si Facebook-side, og oversikt over klasser, startlister og resultatlister finn du i Horse Pro. Der vil det også verte lagt ut fortløpande oppdatering medan klassene pågår. På nettsidene til Norges Fjordhestlag vil det også kome oppdateringar. 

Oversikt over dei tre laga som startar for Noreg finn du her, og under ser du ei liste over alle startande ekvipasjer.