Haukfell

Vallak fødd 1998
e. Haukland u. Rosa ue. Kvernbu
Oppdrettar: Knut R. Thunheim
Eigar: Janne Helen Seime

Haukfell, eller Fjone som er kallenamnet hans, vert til dagleg brukt av Dorthea Solheim som har hatt han på heilfôr sidan 2014. Fjone er ein god læremeister, og er trufast og snill. Han er ei energibombe – når han sjølv vil, vel å merke – og har mykje personlegdom.

Dorthea og Fjone deltok på sitt første fjordhest-NM i 2014, rett etter ho hadde fått han på fôr. I år vart dei kreistmeistrar i dressur, og dei vann også knøttecupen under fjordhest-NM i sommar. Det viktigaste for Dorthea er å ha det kjekt, noko som er lett saman med Fjone.

Haukfell er ein av fire hestar som deltek i «The Challenge» under Kingsland Oslo Horse Show laurdag 14. oktober. Vi ynskjer han lukke til!

Norges Fjordhestlag set stor pris på dei som stiller hestane sine til disposisjon til dette showinnslaget. Det er lang reiseveg til og dyr oppstalling på arrangementet, så vi oppfordrar heile Fjordhest-Noreg om å bidra med ein liten sum. Støtte kan vipsast til Cassandre Bach-Gansmo på telefonnummer 95225629.