I helga går Kingsland Oslo Horse Show av stabelen i Telenor Arena. Under fjorårets show deltok fjordhesten i ei fartsfylt sprangkonkurranse med internasjonale toppryttarar, noko som imponerte heile Heste-Noreg. Også i år vert fjordhesten å sjå under KOHS – i programnummeret som vert kalla «The Challenge». Denne gongen vert lærarar og elevar utfordra til ein knallhard duell mot kvarandre. Kven er best – eleven eller læremeisteren? Fire fjordhestar deltek i årets «The Challenge», og på våre nettsider vil du denne veka få presentert alle saman.
Heimlunds Lieroy
Vallak fødd 2001
e. Grimset Jarl u. Troya ue. Njård
Oppdrettar: Elin Storesund
Eigar: Mette Lothe

Heimlunds Lieroy er ein veldig allsidig fjordhest, som er ein spesielt god spranghest. Sjølv om han tek livet med ro, har han mykje spenst og er veldig ærleg på sprangbana.

Eigar Mette Lothe og Lieroy har konkurrert i fleire år, og deira beste resultat er ein femteplass i sprang under EM for fjordhest i 2016. Lieroy deltok også under «Tidenes comeback» på KOHS i fjor, og dette er det beste minnet Mette har frå tida med han.

Heimlunds Lieroy er ein av fire hestar som deltek i «The Challenge» under Kingsland Oslo Horse Show laurdag 14. oktober. Vi ynskjer han lukke til!

Norges Fjordhestlag set stor pris på dei som stiller hestane sine til disposisjon til dette showinnslaget. Det er lang reiseveg til og dyr oppstalling på arrangementet, så vi oppfordrar heile Fjordhest-Noreg om å bidra med ein liten sum. Støtte kan vipsast til Cassandre Bach-Gansmo på telefonnummer 95225629.