Årets Haustmøte er over, og deltakarane hadde ei flott helg med fagleg påfyll og sosialt samvær med andre hestefolk. Haustmøtet vart i år arrangert av Norges Fjordhestlag og Landslaget for Dølahest på Scandic Hafjell i Øyer 3.-5. november.
av Ingvild Rydjord Hansen
Haustmøtet vart opna av ordførar i Øyer kommune, Britt Kramprud Lundgård, og leiarane i raselaga; Janne Seilen og Åge Øybakken. Janne fortalde litt om då dei to leiarane var på opninga av utstillinga «Hestehold og ekvipasjer 1905 – 1940» i Dronning Sonja Kunststall i oktober.
Første post på programmet var ei orientering frå fagutvalet av Nils Ivar Dolvik. Han er medlem i eit rådgjevande fagutval for bevaring av dei nasjonale hesterasane, som kjem med råd til Landbruks- og matdepartementet. Blant tilrådingane fagutvalet har sendt til LMD i år er å vidareføre Fokus Unghest-prosjektet, øyremerke midlar til landslaga og opprette rutinar for registrering av arvelege lidingar i rasane.
Deretter fekk vi ei klar oppfordring frå fagrådgjevar ved Norsk Hestesenter, Siri Furre: Vi må verte mykje flinkare til å rapportere inn resultat av bedekkingar, og melde frå om døde og kastrerte hestar. Du kan lese meir om kvifor dette er så viktig i denne nettsaka.
Laurdag morgon starta med eit foredrag frå Hanne Fjerdingby Olsen, som er tilsett på NMBU. Kvifor har bedekkingstala stupt, og kva kan vi gjere for å profilere dei gode eigenskapane til dei norske rasane enno betre? Ho snakka også om temperament som brukseigenskap, og korleis ein ved hjelp av nye dømmeskjema med lineær skala for døming kan registrere mykje meir info om hestane sitt temperament.
Etter lunsj hadde vi ein praktisk del, som i år føregjekk i Hippodromen, ridehallen på Stavsplassen. Den praktiske delen under haustmøtet i fjor vart særs godt tatt i mot, og det var gledeleg å få inn ein slik post på programmet i år også.
Tema i år var dømming av bruksprøver og eksteriør. Bruksprøvedommar Frank Skubberud «dømte» to køyreprøver, og fortalte publikum korleis han tenkjer når han dømer og kva han legg vekt på. Etterpå kommenterte eksteriørdommarane Nils Ivar Dolvik og Ingunn Tofte eksteriøret og rørslene til fem hestar, to dølahestar og tre fjordhestar.
Etter den praktiske delen gav Siri Furre frå NHS ei lita innføring i hoppeprosjektet, som i år har vorte gjennomført i alle dei tre nasjonale hesterasane. Målet med prosjektet var å bruke dataprogrammet EVA til å finne hopper med sjeldne stammar, og bruke desse i avlen slik at genane deira vert vidareførte. Dei ulike raselaga har løyst dette på litt ulik måte, men tilbakemeldingane frå NFL og LD var at dei tykkjer dette er eit nyttig prosjekt som dei gjerne vil vidareføre seinare år.
Laurdag kveld var det festmiddag med god mat, og ordstyrar Bjørn Vollstad leia oss gjennom kvelden med artige historier i ekte Bjørn-stil.
Søndag delte vi oss i to, og hadde ein sekvens berre for Norges Fjordhestlag. Leiar Janne Seilen snakka om levande lokallag, og kvifor det er så viktig for både laget og fjordhesten at lokallaga har aktivitet og rekrutterer nye fjordhestfolk. Norges Fjordhestlag ynskjer å overføre kunnskap frå dei som har halde på med fjordhest i mange år til dei nye, unge fjordhestfolka. Det er viktig at born og unge også lærer om kulturen og tradisjonane knytt til fjordhesten.
Lisbeth Strandum, som sit i arbeidsgruppa for Barnas Fjordhestlag, orienterte om aktivitetane dei har hatt det første året, og kva dei planlegg for neste år. BFL har fått 96 medlemmar frå heile landet. Blant aktivitetane som har vorte arrangert i år er vintersamling på Langedrag, samling under fjordhest-NM og samling på Dyrsku’n. Ein planlegg å gjere det same neste år, i tillegg til ein aktivitet på hingsteutstillinga. Ein ynskjer også å få med lokallaga i større grad i tida framover.
Det var sett av ein time der dei tre utvala i NFL fekk fortelje om sitt arbeid og sine planar. Ingvild Rydjord Hansen orienterte frå marknadsføringsutvalet, og fortalte mellom anna om ny Facebook-gruppe, film om fjordhesten, nye genserar og planar om å skaffe «merchandise» med fjordhesttema. Lisbeth Strandum presenterte arbeidet til aktivitetsutvalet, som det siste året har hatt mykje jobb med arrangement som NM, Nordisk, og KOHS. Dei jobbar også med revidering av statuttar til dei fleirnasjonale meisterskapa. Vidar Heggheim, leiar i avlsutvalet, orienterte om arbeidet med ny avlsplan. Denne vil vere klar før utstillingssesongen 2018, og inneheld mellom anna endringar når det kjem til reglar for avteikn og visning av eldre hingstar.
Vi samla oss att, og Anne-Karin Løken orienterte om Prosjekt Kvalitetshest. Oppdrettarar sit gjerne att med unghestar utan utdanning, medan marknaden ynskjer å kjøpe grunnutdanna hestar. Prosjekt Kvalitetshest skal vere mellomleddet her, med utdanning av unghestane slik at dei vert attraktive for marknaden. Forprosjektet er i gong, og seks unghestar er på plass på Norsk Fjordhestsenter for utdanning etter deira alder og nivå. Måler er å skape trygg, norsk kvalitetshest å tilby marknaden. Gunnar Bruland har overordna ansvar for prosjektet, medan Ben Hjelmervik står for den daglege treninga.
Heilt til slutt var det tid for eit lite gruppearbeid. Deltakarane vart delt inn i grupper, og skulle kome med innspel til viktige tiltak som burde setjast i verk i raseorganisasjonane, tiltak for å sørge for at flest mogleg ville ta fram hingstane sine til kåring, og tiltak for å betre innrapporteringa av data om hestar til NHS. Det kom mange gode forslag, og samla sett såg ein at dei fleste i salen, på tvers av rase, var samstemte om dei aller fleste punkta. To punkt vart plukka ut som dei viktigaste å jobbe med for raseorganisasjonane det neste året, og det var å få oversikt over populasjonane i Noreg ved å rydde opp i data, samt å fokusere meir på marknadsføring – gjerne opp mot turisme og grøn omsorg.
Haustmøtet samla i år om lag 80 menneske med eit brennande engasjement for dei nasjonale hesterasane. Det er rørande å sjå kor mykje hesten betyr for folk, og kor hardt folk arbeider til det beste for fjordhesten, dølahesten og nordlandshest/lyngshesten. Det er i alle fall ingen tvil om at dei norske rasane har fantastiske folk med på laget! Vi takkar for eit flott Haustmøte, og håper vi ser så mange som mogleg att til neste år!