Det skjer mykje i Fjordhest-Noreg, både i Norges Fjordhestlag og i lokallag over heile landet. Her kan du lese om arrangement som fann stad i 2017 og viktige prosjekt det har vorte arbeidd med. 

Norges Fjordhestlag

Norges Fjordhestlag har hatt eit godt og aktivt år, med mange ulike prosjekt og arrangement. Vi har også hatt ei medlemsauke på nesten hundre medlemmar, og er svært takksame for kvart einaste medlem som ynskjer å vere med på å arbeide for fjordhesten sitt beste.

Styret i Norges Fjordhestlag har i 2017 bestått av leiar Janne Seilen, nestleiar Anne-Karin Løken, Vidar Heggheim, Lisbeth Strandum og Ben Hjelmervik. Styret trekker fram arbeidet med «Prosjekt Kvalitetshest» og tildeling av frifondmidlar som viktig arbeid i året som har gått.

Hingsteutstillinga

Tjueto hingstar vart vist på årets hingsteutstilling på Nordfjordeid. Det låge talet på hingstar hadde ingenting å seie for kvaliteten – heile sju nye hingstar vart kåra og fem av treåringane vart sett i kvalitet. Vi ynskjer at så mange som mogleg skal nytte dei unge, nykåra hingstane, og det er difor gledeleg å sjå at alle desse har fått hopper i år.

I klassa for eldre hingstar stilte to tidlegare premierte hingstar, Severin og Opdals Ask. Begge to fekk fornya premiegradane sine.

Severin fekk fornya 2. premien sin

Best av hingstane som var på utvida bruksprøve var Alme Baronen e. Fjelltor. Han gjennomførte den beste utvida bruksprøva, fekk 2. premie og vart stilt som nummer ein i kvalitet i klasse 2A.

Alme Baronen med eigarar Even Myklebust og Jorunn Alme

I treårsklassa hadde både spissen og nummer to i kvalitet same eigar og oppdrettar. Vidar og Jorunn Heggheim kunne vel ikkje anna enn å vere veldig nøgde med eit slikt resultat. Spissen var den vakre, typesterke Birkelid Tullen e. Kornvin Freidig, og nummer to vart Birkelid Nimo e. Ninjar.

Dei tre andre treårshingstane som vart stilt i kvalitet var Heggnes Balder e. Fløgstad Odin, Herlig e. Kornvin Freidig og Hodne Lunar e. Augustus Solberg.

Birkelid Nimo med eigar og oppdrettar Vidar Heggheim

Fjord Horse International feira 20-årsjubileum

Fjord Horse International er ein paraplyorganisasjon for fjordhestforeiningar over heile verda. Intensjonen til organisasjonen er å utveksle informasjon og drifte eit internasjonalt forum for medlemslanda. FHI gir rettleiing og utdanning om fjordhesten si velferd og om reinrasa avl av fjordhest i heile verda.

Blant dei mange viktige oppgåvene til FHI er den internasjonale handboka for døming av fjordhest kanskje den aller viktigaste. Dei ulike medlemslanda i FHI har tradisjonelt hatt ulike bruksområde for fjordhesten, og difor har dei også operert med ulike avlsmål. Den internasjonale handboka er basert på den norske rasestandarden, men er utarbeidd i samarbeid med fleire av medlemslanda. Å oppdatere denne handboka og halde den levande er ei av oppgåvene FHI kjem til å jobbe med i tida som kjem.

FHI vart skipa i 1997, og 20-årsjubileet i år vart markert på fødestaden til hesten ein i dag reknar som stamfar til alle fjordhestar – Njål 166. Han vart fødd på garden Fosnes i Oppstryn, der ein med flotte fjordhestar i spiss hadde opptog under markeringa.

Frå jubileumsmarkeringa. Aurora e. Torleiv med kusk Karoline Hatledal, saman med leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen og president i Fjord Horse International, Nils Ivar Dolvik.

 Hoppelinjeprosjektet

Dei siste åra har fjordhesten hatt kritistk låge bedekkingstal, og faren for å få eit stort problem med innavl aukar drastisk. Ein må vere føre var, og ta tak i situasjonen før det har gått så langt at ein ikkje kan snu. I år vart hoppelinjeprosjektet sett i gong, eit prosjekt som fokuserer på å vidareføre gener som gir ein større genetisk variasjon på fjordhestane som vert fødde.

Hoppeeigarar vart oppmoda til å melde inn hoppene sine til prosjektet, og responsen var overveldande. 132 fjordhoppper vart meldt inn, og stammene deira vart analyserte i dataverktøyet EVA for å finne fram dei mest aktuelle hoppene for prosjektet. Resultata vart sendt inn til Norges Fjordhestlag, der ei arbeidsgruppe beståande av blant anna personar frå avlsutvalet og personar med avlskompetanse plukka ut dei ti mest aktuelle hoppene.

Satsinga på hoppelinjeprosjektet sender eit signal til fjordhestfolket om at Norges Fjordhestlag tek innavlsproblematikken på alvor, og at ein ynskjer å bevare genmaterialet som finns i fjordhesten i dag. Hoppene som er med i prosjektet er no drektige, og vi ventar spent på føla som kjem til våren.

Turboline Vidvei er ei av hoppene som er med i hoppelinjeprosjektet. Her vert ho inseminert med Fjell Finn.

NM

Noregsmeisterskapen for fjordhest vart arrangert på Askim Hestesportsenter i Østfold. Dette er første gong NM har vorte arrangert i Østfold, og sjølv om arrangørane har erfaring med store stemner har dei ikkje tidlegare vore vertskap for eit så komplekst stemne som det Fjordhest-NM med sine tre greiner er. Arrangørane fekk mykje skryt frå både deltakarar, teknisk personell og publikum for eit vel gjennomført stemne.

Det er fantastisk å sjå at så mange ekvipasjar stiller til start på Fjordhest-NM. Sidan meisterskapen har konkurransar i både sprang, dressur og køyring får ein verkeleg vist fram allsidigheita til fjordhesten.  Stemnet har stor marknadsføringsverdi, og dei som deltek på NM og stiller med fjordhest i andre konkurransar gjer ein veldig viktig jobb for å fremje rasa.

Premieliste Fjordhest-NM 2017

NM senior
Gull: Cassandre Bach-Gansmo og Flemming
Sølv: Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar
Bronse: Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann

NM junior
Gull: Silje Indrebø og Råds Gråa
Sølv: Sofie Dahl Kristiansen og Jason Lundgård
Bronse: Randi Maud Mork og Bakkens Odin

Noregsmeistrar 2017! Silje Indrebø og Råds Gråa og Cassandre Bach-Gansmo og Flemming. Foto: Astrid Marie Årdal

NM Lag
Gull: Oslo og Akershus fjordhestlag (Stine Anette Heier og Fønix Lasse, Oda Berger Jensen og Li Per, Ingrid Modalen og Ryttergaardens Herkules)
Sølv: Telemark fjordhestlag (Hedda Smukkestad og Burre, Monica Bratt og Tysselands Fredrik, Kathrine Jonasen og Kvia Prinsen)
Bronse: Borge rideklubb (Annike Josefine Mikkelsen og Blåtopps Aron, Ida Njøs Evensen og Lindegaards Domino, Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina)

Vinnarar BUF – Beste Unge Fjordhest
6 år: Åsa Vilja og Giljar Groven/Ingebjørg Hågensen Ådnegård
5 år: Blåtopps Aria og Aina Benedicte Huseby
4 år: Fjell Kongen og Marte Skarstein Fløtre

Greinmeistrar
Sprang: Trine Elisabeth Lillestøl Paulsen og Fannemels Argon
Dressur: Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar
Køyring: Emma Nyløy og Sofin

Greinmeistrar køyring – Emma Nyløy og Sofin

Nordisk meisterskap for fjordhest

I år var det Noreg sin tur til å arrangere Nordisk meisterskap for fjordhest, og som NM vart også dette arrangert i Østfold. Borge rideklubb og Østfold fjordhestlag var arrangørar, og stemnet fann stad på Frederiksborg Hestesportsenter.

Alle dei fire nordiske landa hadde ekvipasjar til start, og det var gledeleg å sjå at også alle land fekk med seg medaljar heim. Dei norske ekvipasjane gjorde det veldig godt, og me tok medaljar i dei fleste av samandraga.

Arrangørane fekk ros for gode tidsskjema, punktleg gjennomføring og profesjonelt mannskap. Også «fjordhestfamilien» fekk nok ein gong ros for glede, iver, engasjement og den fantastiske evna til å heie kvarandre fram.

Norske medaljar i nordisk:
Gull nordisk allround: Annike Josefine Mikkelsen og Blåtopps Aron
Bronse nordisk allround: Cassandre Bach-Gansmo og Flemming
Bronse nordisk dressur junior: Victoria Engøy Lien og Pryd Skovå
Sølv nordisk køyring senior: Stine Anette Heier og Balder Berger
Bronse nordisk køyring senior: Erik Holmin og Stald Kiels Makker
Gull nordisk sprang junior: Anna Mathilde Westgaard og Silje
Sølv nordisk lag: Noreg Lag 1 (Stine Anette Heier og Balder Berger, Trine L. Paulsen og Fannemels Argon, Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar)

Vinnarar nordisk allround: Annike Josefine Mikkelsen og Blåtopps Aron

Vinnar nordisk sprang junior: Anna Mathilde Westgaard og Silje

Landsfinalen for unghopper

I år vart landsfinalen for unge fjordhopper arrangert på Dyrsku’n i Seljord 10. september. Totalt møtte 17 hopper til landsfinalen; tre treårshopper, fem toårshopper og ni åringshopper. Når ein ser kvaliteten på dei unge hoppene me har her i landet, får ein grunn til å sjå lyst på fjordhesten si framtid.

Hesten dommarane plukka ut som årets beste unghoppe er toårshoppa Birkelid Huldra e. Kamillas Tord u. Birkelid Tulla. Eigarar er Audun Næs og Saija Mäntylä, og dottera deira Sini Marie M. Næs stilte ut hoppa. «Huldra er ei utrulig triveleg merr med godt lynne, ho er lærevillig og ein hest det er kjekt å arbeide med» seier Sini Marie. Planane for framtida er mange, og både utstilling til neste år, avl og BUF er ein del av dei. Dette er nok heilt klart ein hest vi får sjå att i både utstilling- og konkurransesamanheng.

Birkelid Huldra. Foto: Jorunn Heggheim

Barnas Fjordhestlag

I sitt første år har Barnas Fjordhestlag har hatt aktivitetar på fleire store arrangement. Året starta med vintersamling på Langedrag i februar, der ungane som deltok fekk vere med på riding, køyring og andre fjordhestaktivitetar. Dei fekk også verte betre kjend med fleire av dei andre dyra som bur på Langedrag.

På Fjordhest-NM hadde BFL ein dag med stemne som tema. Deltakarane fekk lære meir om reglement, korleis ein førebur hestane til konkurranse og kva for greiner ein kan konkurrere i. Dei fekk også prøve å «starte» stemne sjølv ved å ri eit program med ulike moment.

Under BFL-samlinga på Dyrsku’n i Seljord i september var fokuset på utstilling. Borna som deltok denne dagen fekk ei flott innføring i kva som skjer på ei utstilling. Dei fekk vere med på å førebu ein hest til utstilling og dei fekk også prøve seg på mønstring.

Vintersamling på Langedrag

Prosjekt Kvalitetshest

Dei nasjonale hestesentera og raseorganisasjonane for dei tre nasjonale hesterasane arbeider med «Prosjekt Kvalitetshest», eit prosjekt som skal utdanne unghest for sal. Prosjektet er sett i gong etter at ein gjennom fleire år har sett at oppdrettarar slit med å få seld unghestar som manglar utdanning, og at dette hindrar dei i å bedekke hoppene sine på nytt.

Målet med «Prosjekt Kvalitetshest» er å utdanne trygge kvalitetshestar for salsmarknaden. Ved å la hestane gå igjennom eit kvalitetssikra utdanningsprogram vil ein kunne redusere talet på ulykker med hest, samt tilby marknaden trygge hestar av nasjonal rase. Dei tre nasjonale hesterasane er særleg godt eigna til utdanningsprosjektet fordi dei frå naturen si side er rusta med eit stødig temperament og god helse. Føresetnadene for å skape trygge og gode hestar til bruk for born, unge og uerfarne hesteeigarar er veldig gode når ein har ein fjordhest, nordlandshest/lyngshest eller dølahest.

Forprosjektet til «Prosjekt Kvalitetshest» er i gong på Norsk Fjordhestsenter. Gjennom to utdanningsperiodar vil ein gjere seg erfaringar kring korleis ein best kan gjennomføre eit slikt prosjekt. Rett før jul hadde ein sals- og visningsdag for den første gruppa med unghestar som var inne til trening. Den andre gruppa kjem til senteret over nyttår, og vil ha visningsdag i mars.

Toårshoppa Symra er ein av hestane som har delteke i første pulje i forprosjektet til «Prosjekt Kvalitetshest»

Fjordhesten på KOHS

I fjor overraska fire fjordhestar heile heste-Norge (og den internasjonale sprangeliten) då dei presterte å vinne over nokre av dei beste hestane i Europa i ein uhøgtideleg sprangkonkurranse under Kingsland Oslo Horse Show. Også i år var det fjordhestane som stal showet –  showinnslaget «The Challenge» beviste at fjordhesten leverer, sjølv under svært utfordrande forhold.

Under «The Challenge» skulle fire sprangelevar på kvar sin fjordhest konkurrere mot trenarane sine, som rei erfarne spranghestar. Kjende namn som Espen Johansen og Connie Bull fekk bryne seg mot rideelevane sine. Bana gjekk i 80 cm, og det var tydeleg at trenarane på sine langbeinte spranghestar meinte at dette skulle bli ein lett match. Og dei brune vann om ein skal måle det i tid og talet på bommar som gjekk ned. Men showet var det fjordhesten som vann. Inne på arenaen fekk Årheims Gullen, Haukfell, Ryttergaardens Herkules og Heimlunds Lieroy vist kva ein ekte fjordhest står for, sjølv under krevande forhold. Med nye, ukjende ryttarar utførte dei oppgåvene på ein imponerande måte.

Årheims Gullen var med på KOHS i år. Foto: Astrid Marie Årdal

Fire flinke fjordhestar og eigarane deira. Foto: Astrid Marie Årdal

 

Haustmøtet

Årets Haustmøte vart arrangert i samarbeid med Landslaget for Dølahest på Scandic Hafjell i Øyer 3.-5. november. Deltakarane hadde ei flott helg med fagleg påfyll og sosialt samvær med andre hestefolk.

I tillegg til mange faglege innlegg om ulike tema vart det også laga til ein praktisk del i Hippodromen, ridehallen på Stavsplassen. Temaet var dømming av bruksprøver og eksteriør. Bruksprøvedommar Frank Skubberud «dømte» to køyreprøver, og fortalte publikum korleis han tenkjer når han dømer og kva han legg vekt på. Etterpå kommenterte eksteriørdommarane Nils Ivar Dolvik og Ingunn Tofte eksteriøret og rørslene til fem hestar, to dølahestar og tre fjordhestar.

Haustmøtet samla i år om lag 80 menneske med eit brennande engasjement for dei nasjonale hesterasane. Det er rørande å sjå kor mykje hesten betyr for folk, og kor hardt folk arbeider til det beste for fjordhesten, dølahesten og nordlandshest/lyngshesten. Det er i alle fall ingen tvil om at dei norske rasane har fantastiske folk med på laget!

Eksteriørdommarane Nils Ivar Dolvik og Ingunn Tofte forklarer.

Frifondmidlar til Norges Fjordhestlag

Norges Fjordhestlag fekk i 2017 innvilga 322 637 kroner i Frifondmidlar. Frifondmidlar er ei støtteordning for aktivitetar til born og unge i Noreg som vert administrert av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Dette er første gongen Norges Fjordhestlag søkjer om og får innvilga Frifondmidlar.

Pengane skal brukast til fjordhestaktivitetar for barn og unge i lokallaga. I haust har lokallaga søkt om frifondmidlar for å gjennomføre aktivitetar for barn og unge. Det har vorte søkt om midlar til mange ulike arrangement, som for eksempel fjordhestdag, ridekurs og satsningsgruppe mot NM.

Vi er særs glade for at ein så stor sum har vorte tildelt Norges Fjordhestlag. Arbeid og aktivitet i lokallaga er heilt avgjerande for fjordhesten – det er i lokallaga størsteparten av rekrutteringsarbeidet vert gjort. «Aktivitet avlar aktivitet, og vi håper at Frifondmidlane fører til meir aktive lokallag og fleire medlemmar som får glede av fjordhesten» seier Janne Seilen, leiar i Norges Fjordhestlag.

Fleire lokallag har arrangert fjordhestaktivitetar for born og unge etter at dei har fått Frifondmidlar frå Norges Fjordhestlag. Her frå eit arrangement i regi av Eid Fjordhestlag.

Bedekkingstal

Det har i 2017 vore 232 bedekte fjordhopper i Noreg. Dette er litt lågare enn i 2015 og 2016, men vi håpar at tala vil halde fram i positiv retning i åra som kjem.

Til saman har me nytta 34 hingstar i år. Hingsten som har hatt flest hopper (26) er tre år gamle Heggnes Balder, som sto som nummer tre i kvalitet på hingsteutstillinga i vår. Nest flest hopper (22) hadde treårsspissen Birkelid Tullen.

Heggnes Balder er den hingsten som har hatt flest hopper i 2017

Norges Fjordhestlag takkar alle som har arbeidd for fjordhesten i året som har gått, og ynskjer alle sine medlemmar eit godt nytt år. La oss gjere 2018 til eit fantastisk år for fjordhesten!