Norges Fjordhestlag har sett i gong forprosjektet til «Prosjekt Kvalitetshest», som skal utdanne unghestar til marknaden. No er den andre pulja med unghestar på plass på Norsk Fjordhestsenter for eit treningsopphald.

Mange av unghestane av dei nasjonale hesterasane er vanskelege å selje, då dei manglar utdanning. Oppdrettarane har kanskje ikkje kapasitet eller kunnskap nok til å utdanne dei sjølve, og marknaden ynskjer å kjøpe ferdig utdanna hestar. «Prosjekt Kvalitetshest» skal vere eit mellomledd her, og utdanne unghestar slik at dei vert meir attraktive salshestar. Før jul vart forprosjektet sett i gong, og no er den andre pulja med unghestar på plass på Norsk Fjordhestsenter.

Heile ti hestar av dei tre nasjonale hesterasane er med i denne prosjektperioden; fem fjordhestar, fire nordlandshest/lyngshestar og ein dølahest. To av hestane som er med var også med i førre runde, då eigarane var så nøgde med oppfølginga dei fekk og gjerne ville at hestane skulle lære enno meir.

Det er Ben Hjelmervik som er ansvarleg for den daglege treninga av hestane. Ben har lang erfaring med temjing av unghestar, og han er i tillegg veldig positiv til «Prosjekt Kvalitetshest». «Dette er noko me verkeleg treng for å få dei norske hesterasane meir attraktive for marknaden. Prosjektet gjer det mogleg å få seld kvalitetshestar hestar til både nye og erfarne hestefolk som ynskjer seg ein hest av nasjonal rase» seier han.

Ben trivs med å arbeide med unghestar. Her er han saman med Brijola, Storm og Oda.

Dei ti hestane som er med i denne runda er i alderen to til seks år. Dei har ulike utgangspunkt, og ulike ting dei skal ha fokus på i treningsperioden. Nokre av hestane er unge og har difor ikkje starta treninga før dei kom til Fjordhestsenteret, medan andre er eldre og meir erfarne.

Brijola er heilt fersk. Her vert ho taumkøyrd for andre gong.

 

Myrtel vart køyrd på sist treningsopphald. No skal ho ha meir mengdetrening. Her sjekkar Ben at ho framleis reagerer fint på draga.

Under treningsopphaldet skriv ein treningsplanar og -logg for alle hestane. Dette får eigarane tilgong på, og kan følgje med på treninga av sin hest. Hestane vert handterte kvar dag i tillegg til treninga, og på dagtid står alle saman ute i ein stor luftegard der dei kan herje og leike seg.

Hestane står i denne store luftehagen heile dagen.

Det er godt å ha ein ven! Oda og Storm har funne tonen.

Prosjektperioda vert avslutta med ein sals- og visningsdag på Norsk Fjordhestsenter. Her kan alle som er interesserte i å kjøpe seg ein ny hest møte opp. Salsdagen gjer ei unik moglegheit til å sjå mange hestar på ein gong, og å få råd frå kompetente hestefolk som kjenner salshestane slik at du ender opp med ein hest som passar til deg og dine behov.

Desse hestane er inne til trening og vil visast på Norsk Fjordhestsenter søndag 18. mars. Det vil kome ein fyldig presentasjon av kvar hest før salsdagen. Følg med på Facebook-sida til Norges Fjordhestlag for meir informasjon.

Fjordhestar:

Bø Emina
Hoppe f. 2014
e. Fjelltor u. Bø Emilie

Bø Emina er ei trygg og positiv hoppe med stort potensial. Ho er innkøyrd, og under treningsopphaldet vil ein ha fokus på innriding og dressurkøyring. Emina vil vere ein aktuell hest for både avl konkurransar, og er absolutt ein hest for deg som ynskjer å starte fjordhest-NM.

Brovoldens Storm
Vallak f. 2012
e. Sør Samiro u. Sagitta

Storm er ein triveleg vallak som er med i si andre treningsperiode. Han kom seint i gong med utdanning, men lærer fort. Storm er under innriding, og ein vil ha fokus på mengdetrening. Storm er allereie seld.

Nygårds Brijola
Hoppe f. 2016
e. Brijol u. Ulla Grå

Brijola er ei vakker, grå unghoppe. Sidan ho er så ung har ho ikkje vore i trening tidlegare. Under treningsperioden vil ein ha fokus på dei tidlege stadia i innkøyringa.

Kaspar
Vallak f. 2014
e. Nesviks Sebastian u. Vira

Kaspar er ein kjekk vallak. Han er innkøyrd, og under treningsperioden vil ein ha fokus på innriding og mengdetrening i køyringa. Kaspar vil vere ein flott hest til nokon som ynskjer ein allsidig fjordhest med gode brukseigenskapar.

Virilla
Hoppe f. 2016
e. Terne Prins u. Virild

Virilla er ei ung, positiv hoppe. På grunn av sin låge alder er ho ikkje trent før ho kom til senteret. Under treningsperioden vil ein ha fokus på dei tidlege stadia i innkøyringa.

Nordlandshest/lyngshestar:

Brosvik Florian
Vallak f. 2015
e. Skimt u. Vatne Miranda

Florian var hingst då han kom til Fjordhestsenteret, men er no kastrert. Ein arbeider med taumkøyring, og har eit mål om å få på han vogn i løpet av perioden.

Forbrigds Brage
Vallak f. 2013
e. Icora Giron u. Bolstadstjerna

Brage er ein solid og trygg hest. Han er taumkøyrd frå før, og fokuset er å få han innkøyrd.

Forbrigds Tivar
Vallak f. 2012
e. Icora Giron u. Forbrigds Tirana

Tivar liknar mykje på Brage – kanskje ikkje så rart, for dei er halvbrør. Med Tivar fokuserer ein også på taumkøyring og innkøyring. Kanskje kan desse to danne eit fint tospann ein gong?

Nyhaugs Myrtel
Hoppe f. 2015
e. Forbrigds Tyr u. Stella Star

Myrtel deltok i den førre treningsperioda. Ho hadde der på seg vogn, og ein vil no halde fram med mengdetrening i køyringa med fokus på dressur.

Dølahestar

Maulands Oda
Hoppe f. 2015
e. Ramsvik Prins u. Øivår

Oda er ei kjekk og grei hoppe som er triveleg å arbeide med. Ho var taumkøyrd før ho kom, og ein arbeider no med innkøyring og har eit håp om å få køyre med ho i løpet av treningsperioda.