Det var heilt tilfeldig at Line Torrissen Carlsen enda opp med ein fjordhest då ho kjøpte sin første hest som fjortenåring. Ikkje ante ho at dette var starten på eit fjordhesteventyr som ville prege livet hennar. No trenar ho fram sin andre hingst mot utvida bruksprøver på Nordfjordeid.

Av Ingvild Rydjord Hansen

Line er 30 år og bur på Naurstad utanfor Bodø med dei to borna sine, Tiril og Reodor. Då ho skulle få hest i konfirmasjonsgåve var ho ikkje på utkikk etter ei spesiell rase, og det var berre tilfeldigheiter som gjorde at ho enda opp med ein fjordhest. Ho fall fullstendig for hoppa Torine, og då ho kjøpte henne fekk Line ein ven for livet.

Line og Torine

Torine var ein veldig spesiell hest for Line, og det vart ho også for dottera Tiril. «Eg var trygg på Torine og visste korleis ho reagerte på alt» seier Line. «Difor var det heilt trygt å la Tiril handtere ho. Ho gav Torine godbitar i luftegarden, leia ho inn i stallen og rei på ho.» Allereie då ho var halvanna år starta Tiril sitt første stemne med Torine på nabostallen.

I fjor haust skjedde det som ikkje skulle skje – Torine måtte brått avlivast på grunn av ein tumor på eggstokken. Dette var ein veldig trist dag for både Line og Tiril, som begge saknar Torine veldig. «Torine var ein heilt spesiell hest, eg kjem aldri til å finne ein som ho. Det var veldig tungt å miste ho» seier Line.

Tiril og Torine på ridetur

Foto: Kaja Torbjørnsen

Skjebnen skulle ha det til at Line like før Torine måtte avlivast hadde kjøpt seg ein ny hest som var på veg frå Sverige. Sjølv om ingen hest kan erstatte Torine hjalp dette litt på i sorga, og Line fekk noko positivt å fokusere på. Den nye stjerna på Naurstad er den fem år gamle hingsten Højgaards Nicko. «Det måtte sjølvsagt bli ein ny fjordhest når eg skulle ha ny hest» seier Line. «I fjordhesten finn eg alt eg treng og ynskjer i ein hest.» Ho fall heilt for Nicko då ho såg han annonsert på nettet, og etter nokre samtalar med eigaren enda det med at Line kjøpte han utan å ein gong ha sett han. «Det kjentes berre så riktig, og eg var ikkje i tvil om at denne hesten ville eg ha» seier ho.

 

Nicko lev absolutt opp til forventningane, og Line fortel at det er ein hest ho trivs veldig godt med. «Han har alle eigenskapane eg ser etter i ein brukshest, og så er han utrulig blid, fornuftig og lett å handtere». At ho kjøpte ein hingst var litt tilfeldig, men Line syns det er viktig å ha tilgong på hingstar også nord i landet. «Det er veldig store avstandar her oppe, og skal det bli fleire fjordhestar her må vi ha ein hingst å tilby hoppene.»

Nicko er Line sin andre hingst. For ni år sidan kjøpte ho toårshingsten Turbo Romeo, som ho stilte på hingsteutstillinga på Nord-Norsk Hestesenter året etter. Der vart han kåra, og året etterpå reiste Line og Romeo den lange vegen til Nordfjordeid for å avlegge utvida bruksprøve. Det resulterte i raud sløyfe og kvalitetsplass. Seinare selde Line Romeo til Tyskland, der han har fått mange avkom.

Line og Turbo Romeo

Til våren skal Nicko gjennomføre utvida bruksprøve, og Line er veldig glad for det ho lærte då ho gjorde det same med Romeo for nokre år sidan. Håpet er at Nicko skal få premiegrad på utstillinga, slik at han kan brukast i avl. «Dersom han ikkje går igjennom har eg uansett ein fantastisk brukshest» seier Line. Mykje av fokuset før utstillinga er på å trene opp Nicko si styrke og balanse, og Line ser stor framgong på han på dei månadane han har vore hos ho.

Å drive med hest i nord gir mange utfordringar på grunn av dei store avstandane. Det kan vere timevis å køyre til eit stemne, for ikkje å snakke om dersom ein skal delta på hingsteutstilling eller fjordhest-NM. Line fortel at dei lange avstandane har vore litt demotiverande for ho, men redninga kom då nabostallen bygde ridehall. «Det gjer det mykje lettare å ha ein hest i konkurranseform, og når vi først reiser på stemner er vi ofte ein liten gjeng som har det velidg kjekt saman» seier ho.

Line, Tiril og Reodor på køyretur med Nicko

Ikkje berre tek det lang tid å køyre frå Bodø til Nordfjordeid, det er også kostbart å skulle vise hingst. Nokre vener av Line gjekk saman om å samle inn pengar for å hjelpe ho med den økonomiske biten når ho skal vise Nicko i mai. Det tok heilt av, og veldig mange var med på å støtte innsamlinga. «Eg vart heilt overvelda då eg fekk denne overraskinga, og eg set utrulig stor pris på det» seier Line. Ho gler seg veldig til å reise til Eid, og å få oppleve den heilt eigne stemninga som er på hingsteutstillinga.

Då Line reiste for å prøve Torine i 2002 ante ho ikkje kva fjordhesten skulle komme til å bety for ho. «Fjordhesten fyller alle behova mine i ein hest» seier Line. «Det er ein trygg hest som ungane kan handtere, den er veldig allsidig og ikkje minst er det ein fantastisk god køyrehest.» Eigenskapar som har gått igjen i fjordhestane Line har hatt er at dei har hatt eit godt hovud og at dei er stødige. «Fjordhesten er rett og slett perfekt til mitt bruk» seier ho.

«Fjordhesten betyr veldig mykje for meg» seier Line. «Han har vore der for meg i tjukt og tynt – fjordhesten sviktar aldri.»

«Fjordhestfolk» er ein artikkelserie som handlar om dei som driv med fjordhest, kva dei brukar fjordhesten til og kva fjordhesten betyr for dei.