Andre del av forprosjektet til «Prosjekt Kvalitetshest» foregår på Norsk Fjordhestsenter i desse dagar. Til helga er det klart for visnings- og salsdag, der potensielle kjøparar og andre interesserte kan komme og sjå kva hestane har lært i treningsperioden.
Tanken bak «Prosjekt Kvalitetshest» er å skulle vere mellomleddet mellom oppdrettarar og potensielle kjøparar av hestane. Mange oppdrettarar manglar kapasitet til å gi hestane den utdanninga kjøparane ynskjer, men gjennom å delta på «Prosjekt Kvalitetshest» vil hestane få meir utdanning samt få eigenskapane sine vurderte av kyndige hestefolk.
Den første gruppa med unghestar i forprosjektet var inne før jul, og etter jul har det vore ti unghestar til trening på Fjordhestsenteret. «Denne gruppa med unghestar er stor, og det er stor variasjon i både type hestar, eigenskapar og ferdigheiter» seier Magni Hjertenes Flyum, dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter. Ho fortel at treninga har vorte tilpassa kvar enkelt hest, og at alle ser ut til å ha funne seg godt til ro på senteret i treningsperioden.
Søndag 18. mars vil hestane verte vist fram for publikum på ein visnings- og salsdag. Dette er eit flott høve for dei som vurderer å kjøpe seg unghest, då dei får sjå mange ulike hestar og vite kva dei kan. Norsk Fjordhestsenter kjem gjerne med gode råd til kva for ein hest som passar til kvar enkelt kjøpar. Sidan dei har trent hestane dei siste to månadane, veit dei mykje om både kva hestane kan og om kva slags personlegheit og potensial dei har.
«Vi gler oss til å vise fram hestane til helga» seier Flyum, som kan fortelje at det er fleire som har meldt interesse for hestane allereie.
Visnings- og salsdagen er ope for alle interesserte. Den tek til søndag 18. mars kl 12. Ynskjer du å lese meir om hestane som er til sals, finn du presentasjonar av dei her.