Her finn du ein presentasjon av hestane som deltek i forprosjektet til Prosjekt Kvalitetshest på Norsk Fjordhestsenter. Alle hestane vert vist på ein visning- og salsdag på Norsk Fjordhestsenter 16. desember.

Symra

Brunblakk fjordhoppe f. 2015
e. Kornvin Freidig u. Staslin

Symra er ei snart tre år gammal hoppe med ei svært god stamtavle. I 2016 vart ho vinnar av Landsfinalen på Stord mellom ei unik samling unghopper. I utdanning er Symra godt i rute. Ho er innkøyrd i lave og høge drag, og er ei rolig og avbalansert hoppe. Symra er ein positiv unghest som vil kunne brukast til det meste. Ut frå dei eigenskapane som kjem fram under trening vil denne hesten passe til t.d. sport (god kandidat til Fjordhest-NM), oppdragskøyring og som skule-/terapihest.

Symra er til sals.

Klikk her for å lese heile presentasjonen av Symra.

 

Gryta Lyngs Venus

Raud nordlandshest/lyngshest, hoppe f. 2015
e. Bjørke Burre u. Gryta Lyngs Fiona

Venus er ei godt utvikla, harmonisk hoppe av god type. Ho er svært hyggeleg på stall og i all handtering. Trygg på alle ting og er køyrd med høge og lave drag. Venus er rasetypisk og aktuell for både avl og alle typar bruk. Hoppa er tidleg i utdanningsløpet, men viser allereie no at ho kan bli ein sjeldent god og komplett hest.

Venus er til sals.

Klikk her for å lese heile presentasjonen av Venus.

 

Nyhaugs Myrtel

Svart nordlandshest/lyngshest, hoppe f. 2015
e. Forbrigds Tyr u. Stella Star

Nyhaugs Myrtel er lett handterleg og tek nye ting raskt. Hoppa er tidleg i utdanningsløpet, og har mellom anna potensiale til å bli ein god sportsponni. Innkøyring er starta, og kjøpar vil få ein hest med mykje utvilkingspotensiale.

Hoppa vart stilt i kvalitet på unghestskue på Voss i år, med flotte resultat. Velutvikla hoppe av god type. Pent hovud, jevn sterkbygd kropp. Lange koder og ledige rørsler.

Myrtel er til sals.

Klikk her for å lese heile presentasjonen av Myrtel.

 

 

 

 

Sørgards Brumma

Sølvsvart nordlandshest/lyngshest, hoppe f. 2013
e. Sørgards Bamse u. Gryta Lyngs Maia

Sørgards Brumma er ei sjølvstendig hoppe med gode brukseigenskapar. Ho har ein funksjonell, god kropp og vil fungere i dei fleste samanhengar. Eigenskapane hesten viser under trening viser eit potensiale til å bli ein god skule-/ terapihest. Det er starta innkøyring med vogn.

Brumma er til sals.

Klikk her for å lese heile presentasjonen av Brumma.

 

 

Brovoldens Storm

Raudblakk fjordhestvallak, f. 2013
e. Sør Samiro u. Sagitta

Storm har vore lite handtert som unghest, og har gått mykje på utegang. Han er snill og lett handterbar, og har vist positiv utvikling i utdanningsperioden. Sidan han er lite handtert må ein ikkje gå for fort fram. Storm likar å ha rytter på ryggen og er behageleg å sitte på.

Storm er seld.

Klikk her for å lese heile presentasjonen av Storm.

Skumring

Dølahest, hingst f. 2016
e. Gjerde Blæsen u. Gurostjerna

Skumring har god stamme og har potensiale som både avlshingst og god brukshest. Han beveger seg godt, med god takt og har ein spennande farge. Hingsten er framleis er ung og treng mykje miljøtrening og tid i sitt utdanningsløp.

Skumring er ikkje til sals.

Klikk her for å lese heile presentasjonen av Skumring.

 

Share This