Hingsteutstillinga i Belgia gjekk av stabelen på hestesportanlegget i Wouman 24. mars. I samband med salet av 2. premiehingsten Fjell Finn i september 2017, vart Norsk Fjordhestsenter med fleire inviterte til årets hingsteutstilling. Dei som reiste var Magni Hjertenes Flyum og Asle Espe frå  senteret, Anne Karin Høgalmen, som er oppdrettar av hingsten, og Ben Hjelmervik frå styret i Norges Fjordhestlag.

Vi reiste frå Gardemoen 23. mars og blei henta av Koen de Boom på flyplassen i Brussel. Han er fjordhestoppdrettar og i lag med Jolien eig han 25 hestar. I januar vart han eigar av den norske 1. premiehingsten Ronnjo. På garden møtte vi Ronnjo, som var sett opp på beste vis til utstillinga, i tillegg til dei andre hestane deira. Det vart òg gjennsyn med 2. premiehingsten Benten frå Norge.

Vi vart imponerte over servicen og gjestfriheita til Koen og Jolien. Vi fekk omvisning, lunsj og til slutt køyrde dei oss til utstillingstaden i Belgia som låg 15 mil unna. På  omvisninga var det interessant å sjå korleis dei stalla opp unghestane sine. Det var utegong på stort område med leskur, og hestane var ute heile året .

På utstillingsplassen hadde dei fleste hingstane kome kvelden før utstillinga. Det vart gjensyn med totalt åtte norske hingstar i tillegg til dei ti belgiske som møtte. Belgia har importert mange norske hingstar dei siste åra, og dei har ein regel om at alle som skal nyttast i avl den aktuelle sesongen skal presenterast på utstillinga, sjølv om dei er ferdig premierte.

Det vart vist to åringshingstar og to 2-årshingstar i unghestklassa, og desse var av ordinær kvalitet. Det vart kåra ein hingst – Nederlandskfødde Kris. Han er etter Manus og under ei hoppe etter norske Tunar, og fekk høge karakterar av dommarane. I bruksprøveklassa for 5 år gamle hingstar vart det gjensyn med tre norske hingstar – Tord Dorteson, Tallak Ask og Rudsmo Rune. Dei gjennomførde gode bruksprøver både i riding og køyring. Ved premiering vart Tord Dorteson best av dei norske, etterfulgt av Tallak Ask og den grå Rudsmo Rune. Det vanka medalje fra Norges Fjordhestlag og pokal frå Norsk Fjordhestsenter. Tord Dorteson gjennomførde ei framifrå trekkprøve, presenterte seg flott på utstillinga og vi syntest at han  møtte i si beste form nokon gong.

I presentasjonen av dei eldre hingstane som skal nyttast i avlssesongen var det interessant å møte att Haukaren, Ronnjo og halvbror Narvestad Daysar etter Rudsmo Rossar, Fjell Finn og Kamillas Tord. Kamillas Tord gjennomførde ei svært god rideprøve med sin nye eigar, og han viste svært ledige rørsler. Den svenske, grå hingsten Lyckængs Tempo viste ei imponerande lausmønstring. Hingstane vart ikkje rangerte, og grunnen til det var at Fjordhestforeininga meinte at den beste då ville bli brukt for mykje i forhold til dei andre. Når vi veit at det årleg er fødd 60 føl i året i Belgia er dette sjølvsagt eit viktig poeng.

Det er ti år sidan sist eg har vore på hingsteutstilling i Belgia, og eg synest at kvaliteten på hingstane har blitt svært god.  Svært godt stelte hingstar i god kondisjon som gjennomfører gode bruksprøver. I tillegg er det fint at malen for bruksprøvene er standarden til moderlandet Norge. Dei fleste av dei norske hingstane har vore nytta tilstrekkeleg i avlen i Norge før eksport, og det er bra at dei får nye muligheiter i utlandet.

Asle Espe, Norsk Fjordhestsenter

Tord Dorteson med eigar Francis Thilmany. Til høgre ser vi Magni H. Flyum, dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter.

Svenskfødde Lyckengs Tempo og eigar Lois de Vry

 

Kamillas Tord og sine nederlandske eigarar

 

Fjell Finn og Ben Hjelmervik frå Norges Fjordhestlag

Rudsmo Rune og eigarane de Vry