I eit distrikt som er mest kjent for andre hesterasar gjer Ingeborg Morstøl og resten av familien stor suksess med fjordhest på Stall Moa. Her gir dei både unge og vaksne gode opplevingar med fjordhest, og stadig fleire i området får augo opp for fjordhesten og dei fantastiske eigenskapane hans.

av Ingvild Rydjord Hansen
Foto: Ingeborg, Birgitte og Signe Morstøl

Moa Gard i Isfjorden har vore i Ingeborg Morstøl (31) sin familie i mange generasjonar. I tillegg til stalldrifta vert det drive mjølkeproduksjon, som far hennar tek seg av. Familien lev tett, slik dei alltid har gjort, og nett no bur det fire generasjonar under same tak. Den eldste er bestefar på 95, den yngste er Ingeborg sin son på sju. «Utan familiegarden som utgangspunkt hadde ikkje Stall Moa kunne fått det omfanget den har» seier Ingeborg. Ho takkar faren og bestefaren sin for hjelpa, som har ført til at ho og to av søstrene hennar, Birgitte og Signe, kan drive Stall Moa.

Fjordhestglede! Ingeborg og Livia, Signe og Lille My.

Hest har vore viktig for Ingeborg heilt sidan ho var lita jente. Då ho var ni år kjøpte faren hennar fjordhoppa Englill, som ho hadde i mange år og lærte mykje av – både på godt og vondt. Stalldrifta på Stall Moa har gradvis utvikla seg, og no bur det totalt 39 hestar på garden. 17 av dei er fjordhestar. Ingeborg og søstrene hennar har sine eigne hestar oppstalla her, i tillegg til at dei leiger ut stallplass og utegangsplass, lånar hestar til avl og har skulehestar.

Ingeborg og resten av gjengen på Stall Moa arrangerar mange ulike aktivitetar. Gjennom alt som vert planlagt og gjennomført har Ingeborg eitt overordna mål – alle skal kunne vere med. «Vi er veldig opptatte av å inkludere så mange som mogleg og lage aktivitetar som passar for alle som ynskjer å delta» seier ho. «Det er ikkje så viktig med storleiken på arrangementet, berre dei som er med føler meistring og har det kjekt.»

På Stall Moa har dei mellom anna undervisningstilbod til unge og kommande ryttarar. Der lærer dei seg grunnleggande handtering av hestar. «Det er viktig å lære dei unge å handtere hestane på ein skikkeleg måte» seier Ingeborg. «Etter å ha hatt dette tilbodet i fire år ser vi no at fleire av dei som har vore her frå starten har fått seg fôrhestar og er på god veg til å verte flinke hestefolk.»

Ingeborg fortel at ho gjerne vil vise at ein kan komme veldig langt med enkle midlar. «Vi har ikkje den flottaste eller største stallen, og det er viktig for ungdommen å sjå at ein kan få til mykje likevel» seier ho. Aktivitetsnivået på Stall Moa er høgt, og i tillegg til tilbod til ferske ryttarar arrangerer dei mellom anna kurs med instruktørar utanfrå, samt det årlege og særs populære «Stall Moa Games». Du kan lese meir om Stall Moa Games i «Fjordhesten» nummer 4/2017.

To fine karar klare til start i barneklasse orienteringsløp på Stall Moa Games. F.v.: Birgitte Morstøl , Sverre Magnus Morstøl Krogset på Linlugg, Johannes Morstøl Krogset på Troll Tor og Signe Morstøl.

Fjordhesten er ei ideell hesterase for aktivitetane dei har på Stall Moa. «Fjordhesten har ikkje begrensingar!» seier Ingeborg, som meiner at allsidigheita til fjordhesten er rasa sitt aller største fortrinn. «Den eine dagen kan fjordhesten delta på dressurstemne, og dagen etter kan sonen min på sju år ri den i skogen. Vi kan bruke den til alt vi vil!»

Romsdalen er ikkje den staden i landet med flest fjordhestar eller størst fjordhestmiljø. Dei fleste som driv med hest her har Islandshest, som har eit veldig stort og aktivt miljø i distriktet. «Vi har bevisst vald ei anna rase enn det som er mest vanleg her, slik at vi kan tilby andre aktivitetar til folk» seier Ingeborg. Ho føler ikkje at dei er ein konkurrent til Islandshestmiljøet, men at fjordhesten kan gi folk andre typar opplevingar og at ein difor kan få med enno fleire.

Signe i salen på Evelinns Emina, med handhestane Troll Tor, Røeds Isa og Bakke Tron.

Ingeborg fortel at ho opplever ei auka interesse for fjordhest i Romsdalen. Ho får relativt ofte spørsmål om ho har hestar til sals, og ho trur det er allsidigheita til fjordhesten som lokkar. «Folk ser at dette er ein ypperleg familiehest, som alle i familien kan ha glede av. I tillegg er det jo ein hest du kan bruke til alt, anten det er dressur, køyring, turriding eller anna som er di største interesse» seier ho.

Den første fjordhesten Ingeborg kjøpte som var heilt hennar eigen, var den ulsblakke hoppa Røeds Isa. Bestevenninna hennar hadde funne eit bilete av denne hoppa på nettet, og fortalt Ingeborg at dette var hesten ho skulle ha. Sånn enda det, og no har ho både Isa og mormora Solstad Frøya, som ho låner for å avle.

Totalt fire hopper på stallen ventar føl til sommaren; to er drektige med Severin og to med Hildmann. Ingeborg fortel at ho etter kvart har vorte meir bevisst på kva ho ynskjer i ein fjordhest, og når ho plukkar ut avlskombinasjonar tar ho omsyn til både brukseigenskapar, farge og stamme. «Eg ynskjer ein fjordhest som er godt ridbar, som har ein god bakpart, skuldre og hals» seier ho. «Det er likevel viktig at vi bevarar fjordhestpreget, for sjølv om vi skal lage hestar som kan gjere det godt i sporten skal vi ikkje avle ein sportsponni» seier ho engasjert.

Ingeborg og Gjerde Martinius speglar seg.

At dette er ei dame som er glad i fjordhesten, er det ingen tvil om.  «Når eg skal prøve å skildre kva fjordhesten betyr for meg, får eg gåsehud» seier Ingeborg. «Eg har heilt spesielle kjensler for fjordhesten, og eg vert rett og slett litt rørt av å skulle snakke om kva den betyr for meg. Fjordhesten har alltid vore her, i gode og dårlege tider, i krig og elendigheit – han har vore bautaen som har vore med på å byggje landet vårt» seier ho. «Å få halde fram med å ta vare på fjordhesten og ha det så kjekt med den er heilt fantastisk! Eg er stolt over å få vere med å føre fjordhesten vidare, slik at mange i framtidige generasjonar også kan få glede av han.»

Fjordhesten burde vere glad for å ha ei dame som Ingeborg med på laget. Ho har eit brennande engasjement for rasen, og med sitt fokus på rekruttering bidreg ho til at enno fleire får bli kjent med fjordhesten. Gjennom aktivitetane på Stall Moa gir ho både unge og vaksne gode fjordhestopplevingar. I tillegg til å sørgje for framtidige fjordhestfolk avlar ho også fram nye fjordhestar som kan glede komande generasjonar.