Norges Fjordhestlag og utstillingsnemnda for hingsteutstillinga vil i år prøve ut noko heilt nytt – ei showklasse for toårshingstar under hingsteutstillinga. Dette er ei flott moglegheit for unghesteigarane å få ein forsmak på hingsteutstillinga, og for publikum til å sjå ei samling flotte, unge hingstar.

Showklassa er ei uoffisiell klasse som vil foregå på utstillingsplassen i Øyane fredagen under hingsteutstillinga. Hingstane vert vurderte av eksteriørdommarar, som gir dei ein omtale og deretter rangerer hingstane. Det vert ikkje gitt eksteriørpoeng . Alle toårshingstar er velkomne til å møte, uansett om dei har vorte viste før eller ikkje.

«Vi håper det vert stor deltaking i denne showklassa» seier Asle Espe ved Norsk Fjordhestsenter. «Det er ei flott moglegheit for dei som har unghingst til å få ein forsmak på korleis det er å vere på hingsteutstillinga, og i tillegg får dei vist fram hingsten sin til eit stort publikum.»

Hingsteutstillinga trekker eit stort publikum, og her har ein moglegheit til å vise fram og marknadsføre unghingsten sin til mange. Mange utanlandske fjordhestinteresserte vitjar hingsteutstillinga, og for dei er det ekstra kjekt å sjå unge, lovande hingstar. Dersom du har planar om å selje toårshingsten din, vil det vere flott reklame å vise han fram denne dagen.

Det vil verte flotte premiar sponsa av St. Hippolyt, samt pokalar til dei beste hingstane.

Trykk her for å melde på hingsten din.

NB! På info- og påmeldingssida i Sporti står det at hingstane må ha fått sløyfe som åring eller toåring for å kunne delta i showklassa. Dette kravet har ein vald å gå vekk frå, og alle toårshingstar er velkomne. Informasjonen på Sporti vil rettast opp om kort tid.