Norges Fjordhestlag har valt å gi årets marknadsføringspris til Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid. Prisen vart delt ut under utstillingsmiddagen på Nordfjord Hotell fredag.

I år har vi valt å dele ut marknadsføringsprisen til ein aktør som har jobba jamt og trutt i over 30 år – med fjordhesten i hovudrolla. Denne aktøren har bidrege til å knyte nye og sterke band mellom unge menneske og fjordhesten, band som ikkje hadde vore til utan at desse ungdomane hadde vore akkurat der, akkurat då. Tallause gongar har ungdomar reist heim etter endt skuleår med ein fjordhest på lasset – og i hjartet.

Frå Fjordane FHS si heimeside

Denne aktøren har moglegvis blitt sett på som ei sjølvfølgje i området dei held til. Dei har vore der i lokalsamfunnet og hatt ei jamn drift i mange år. Dei har vore blant dei aller største rekrutteringsarenaene for fjordhesten her i landet. Norges Fjordhestlag meiner denne aktøren fortener å få honnør for den langvarige og enorme innsatsen dei har gjort for og med fjordhesten heilt sidan åttitalet.

Hestelinja ved Fjordane folkehøgskule vart starta opp i 1987. Hestelinja har vore populær i alle desse åra, og har trekt til seg hesteinteressert ungdom frå alle deler av landet. Det som er litt spesielt er at mange av desse ungdomane i utgangspunktet har hatt lite eller ingen kjennskap til fjordhesten, og seier sjølv at dei har vore ein tanke fordomsfulle når det gjeld å ri og bruke denne rasen.

Etter eit år ved Fjordane folkehøgskule har dette blitt snudd på hovudet, og veldig mange av elevane satsar vidare med fjordhest når dei reiser heim. Mang ein folkehøgskuleelev har blitt ny fjordhesteigar etter eit år på hestelinja – og ofte har det blitt fjordhest for livet.

I tillegg er det mange eksempel på at unge ridejenter har fått sansen for avlsarbeid, og har enda opp med å stille hingst på Nordfjordeid. På denne måten har hestelinja ved folkehøgskulen også bidrege til å skape nye koplingar mellom bruken og avlen.

I snitt har det vore rundt 45 elevar i året ved denne linja, og om ein reknar litt kjem vi fram til at Fjordane folkehøgskule gjennom desse åra har sendt over 1 000 ungdomar ut i landet  – med fjordhesten i hjertet. Desse ungdomane seier sjølv at dei gjennom året ved Fjordane har fått auga opp for fjordhesten. Det rekrutterings- og reklamearbeidet som Fjordane folkehøgskule har gjort i over tretti år har ein marknadsføringsverdi som vi ikkje kan verdsetje i kroner.

Norges Fjordhestlag meiner Fjordane Folkehøgskule er ein verdig vinnar av marknadsføringsprisen, som blei overrekt til rektor ved Fjordane Folkehøgskule, Silvia van Hesik Førde.

Frå Fjordane FHS si heimeside

 

Frå Fjordane FHS si heimeside

Frå Fjordane FHS si heimeside

Frå Fjordane FHS si heimeside