Årets hingsteutstiling er over, og det har vore ein fantastisk fjordhestfest. Kvaliteten på dei viste hingstane har vore høg, og fjordhesten har fått åtte premierte hingstar og ti nykåra hingstar.

Årets mellomklasse var svært sterk, og samtlege av hingstane som var på utvida bruksprøver oppnådde premiegrad. Vi fekk tre nye førstepremiehingstar, tre andrepremiehingstar og to tredjepremiehingstar.

Vi har også fått heile ti nye kåra hingstar – det er heilt fantastisk! Åtte treåringar, ein femåring og ein seksåring. Vi håper alle får besøk av flotte hopper i sommar, og vi gler oss til å sjå dei att på utvida bruksprøver neste år.

Her kjem oversikt over alle hingstar som vart premiert eller kåra under hingsteutstillinga:

Klasse 1b

1 Caron vom Eekbarg
e. Carlsson vom Eekbarg u. Sally
Oppdrettar: Tyskland
Eigar: Carina H. Strøm
7,5-8-7-8,5-8, kåra

Klasse 2a

5 Heggnes Balder
e. Fløgstad Odin u. Heggnes Tuna
Oppdrettar: Kjell Taklo
Eigar: Indre Nordmøre Fjordhestlag
10-9-8-8,5-9, 1. premie I kval
Dagens hest

6 Birkelid Tullen
e. Kornvin Freidig u. Birkelid Tulla
Oppdrettar: Vidar og Jorunn Heggheim
Eigar: Børge Minsaas
9-9-8-9-9, 1. premie II kval

2 Højgaards Nicko
e. Fløgstad Odin u. Drude Halsnæs
Oppdrettar: Danmark
Eigar: Line Torrissen Carlsen
9-9-8-8-9, 1. premie III kval

7 Herlig
e. Kornvin Freidig u. Herborg
Oppdrettar: Silje Kvalvik
Eigar: Miriam Hoddevik
8,5-9-7-9-8,5, 2. premie IV kval

8 Birkelid Nimo
e. Ninjar u. Birkely Monja
Oppdrettar: Vidar og Jorunn Heggheim
Eigar: Stall Nesvik og Stian Nesvik
9-9-7,5-7,5-8, 2. premie V kval

9 Blikra Admiral Doffen
e. Reimar u. Sannheimsblakka
Oppdrettar: Gurine Blikra
Eigar: Ann Kristin Hansen
8-9-7-9-8, 2. premie VI kval

3 Gorm Vårby
e. Optimist Halsnæs u. Johanne Vårby
Oppdrettar: Danmark
Eigar: Olav Stormorken og Terje Jørgensen
7,5-7,5-8-7,5-7,5, 3. premie

4 Hodne Lunar
e. Augustus Solberg u. Hodnelin
Oppdrettar: Bente Gudmestad
Eigar: Grete og Bente Gudmestad
7,58-7,5-8-7,5, 3. premie

Klasse 2b

10 Nordbustad Frikk
e. Ninjar u. Maggedutti
Oppdrettar: Selmer Nordbustad
Eigar: Christine Bakkane
8-8-8-8-8, kåra I kval

Klasse 3

29 Toregardens Caiser
e. Severin u. Caisa
Oppdrettar: Gunnhild Kvalsvik Vartdal
Eigar: Nina Bekkevold og Ole Johannes Aas
9-9-7,5-9-9, kåra I kval

19 Nansen
e. Kneist u. Skeides Ramona
Oppdrettar: Vilde S. Eggen
Eigar: Kristine Flittie Romslo
8-8-7-10-8,5, kåra II kval

14 Fjelltuvas Søljar
e. Kamillas Tord u. Fjelltuva
Oppdrettar: Nora og Cornelia M. Meland
Eigar: Louise og Alexander Strand, Dagmund Årdal
8,5-8-8-9-8, kåra III kval

30 Høgset Supermann
e. Sofin u. Biola
Oppdrettar: Ingjerd Høgseth Vetti
Eigar: Ingjerd og Roger Høgseth Vetti
8-8-8-8-8, kåra IV kval

12 Roslands Dalar
e. Dalargutt u. Roslands Juni
Oppdrettar: Oddvard Rosland
Eigar: Anne Grete Skjæveland
8-7,5-7-7,5-7,5, kåra V kval
Beste køyreprøve

15 Helgprins
e. Kamillas Tord u. Helgfina
Oppdrettar: Gisle Helgås
Eigar: Kim M. Horstad
7,5-8-7,5-7,5-7,5, kåra

21 Bjørkely Prinsen
e. Lauvprinsen u. Rose
Oppdrettar og eigar: Atle og Kari Ask
9-8-7-8-8, kåra

28 Røeds Nupar
e. Severin u. Røeds Eir
Oppdrettar og eigar: Karen Røed
8-8-8-7-8, kåra

Norges Fjordhestlag ynskjer å takke alle som har stilt opp for å gjere desse dagane så flotte som dei har vore. Vi vil også gratulere alle som har fått ein kåra eller premiert hingst i dag, og ynskjer dei lukke til i avlssesongen.