I 2017 fekk Norges Fjordhestlag tildelt 322 637 kroner til aktivitet ute i lokallaga. Dei lokallaga som fekk tildelt Frifond-midlar må bruke opp desse og rapportere innan 15. juni 2018. Mange har allereie rapportert, så dette er ei påminning til alle dei andre.

Dersom lokallag ikkje har brukt opp pengane må resten betalast tilbake til Norges Fjordhestlag innan 30. juni. Restmidlar som vi får betalt tilbake går inn i potten for tildelingar i 2018.

Rapporten treng ei oversikt over kva pengane er brukt til. Dette treng ikkje vere eit årsmøtegodkjent rekneskap, men det må vi ha inn når 2018 er over. Vi ønskjer også at de sender årsmelding for 2016 og 2017.

Meir informasjon om årets søknadsrunde kjem når vi har fått tildeling frå LNU for 2018.

Treng du hjelp til rapporteringa? Ring Magni Hjertenes Flyum  93422756 i god tid før fristen

Treng de rosettar til arrangement? Norges Fjordhestlag har bestilt inn med Barnas Fjordhestlag logo på. Desse kostar 35 kroner per stk (pluss frakt). Vi har også fine Fjordhest-bamsar frå Langedrag til 200 kroner per stk (pluss frakt). Send epost til post@fjordhest.no.

Foto: Marie Hagen