Årets Fjordhest-NM er like rundt hjørnet, måndag 25. juni brakar det laust på Stord Hestesportsenter. Vi gler oss til ein fantastisk fjordhestfest!

Totalt 116 ekvipasjar er påmeldt årets NM. Blant lista over deltakarar finn vi fleire tidlegare Noregsmeistrar, greinmeistrar og fleire godkjente avlshingstar. Det kjem deltakarar frå dei fleste fylker i landet, og mange rideklubbar og lokale fjordhestlag er representert.

Dersom du ikkje har høve til å vere med på Fjordhest-NM, kan du følge med på nett. Arrangør legg ut oppdateringar på si Facebook-side, og vi i Norges Fjordhestlag vil oppdatere både på Facebook og på heimesida vår.

Deltakarliste, rytter- og kuskemelding, startlister, resultatlister og anna relevant informasjon finn du på stemnet si side i Horse Pro og stemnet si side på Equipe.

Vi ynskjer alle deltakarar lukke til!